Fiona Marcia May () er ein britisk-italiensk friidrettsutøvar fødd i Slough. Ho vart verdsmeister i lengdehopp både i 1995 og 2001.

Aktiv May deltok internasjonalt for Storbritannia og England fram til 1993. I 1994 gifta ho seg med ein italiensk stavhoppar og representerte sidan Italia.

Det var som italiensk utøvar May oppnådde den store suksessen. Frå og med EM 1994 til VM 2001 plukka ho medaljar i alle dei store meisterskapane. Desse åtte sesongane vann ho to VM-gull, fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar i olympiske leikar, verdsmeisterskap og europameisterskap. Mays personlege rekord i lengdehopp er på 7,11 m og frå EM 1998 i Budapest, der ho likevel måtte seg seg slått av tyske Heike Drechsler.

Tidvis tevla May også i tresteghopp og presterte i 1998 eit hopp på sterke 14,65 m, noko som gav henne femteplassen på årsbestelista i verda. Ho la idrettsskorne på hylla i 2005.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Nr 6 i lengdehopp – 6,62 m EM 1990 i Split: Nr 7 i lengdehopp – 6,77 m VM 1991 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (6,54 m =nr 19) OL 1992 i Barcelona: Utan resultat VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa (6,42 m =nr 14) EM 1994 i Helsinki: Bronsemedalje i lengdehopp – 6,90 m VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje i lengdehopp – 6,98 m, framom Niurka Montalvo (6,86 m) OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje i lengdehopp – 7,02 m, bakom Chioma Ajunwa (7,12 m) VM 1997 i Aten: Bronsemedalje i lengdehopp – 6,91 m EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje i lengdehopp – 7,11 m, bakom Heike Drechsler (7,16 m) VM 1999 i Sevilla:Sølvmedalje i lengdehopp – 6,94 m, bakom Niurka Montalvo (7,06 m) OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje i lengdehopp – 6,92 m, bakom Heike Drechsler (6,99 m) VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje i lengdehopp – 7,02 m, framom Tatjana Kotova (7,01 m) VM 2003 i Paris: Nr 9 i lengdehopp – 6,46 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fiona May» frå , den 24. juni 2017.

World Athletics

Kategori:Britiske lengdehopparar Kategori:Italienske lengdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Italia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004