Samiske område i Noreg omfattar minst seks ulike rettslege definisjonar. Ut over dette finst det stader i Sør-Noreg med dokumentert samisk busetnad eller bruk.
Samar som urfolk i heile Noreg Det samiske folket har eit særskilt rettsvern gjennom ein eigen paragraf i Grunnlova. Her er det ikkje gjort noko geografisk avgrensing, det tyder i utgangspunktet at samar har lik rett til å «tryggje og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt» uansett kor dei bur i Noreg.
Det samiske språkområdet
Forvaltingsområdet for samisk språk blir regulert ut frå forskrift. Frå 1. januar 2026 omfattar området dei fjorten kommunane Hattfjelldal, Hamarøy, Karasjok, Kautokeino, Kåfjord, Lavangen, Nesseby, Porsanger, Røros, Røyrvik, Snåsa, Tana, Tjeldsund og Saltdal I tillegg vedtok Bodø kommune i bystyret 9. desember 2021 å søka innlemming i forvaltingsområdet, utan at det endå har skjedd. Samisk språkforvaltingsområde er område der norsk og samisk er likestilte språk, slik at kommunale og statlige organ i kommunane er forplikta til å legga tilrette for bruk av samisk språk.
Dei som bruker samisk språk i kontakt med eit offentleg organ i forvaltingsområdet, har i mange tilfelle krav på å få svar på samisk.
Den norske kyrkja skal i forvaltingsområdet gje individuelle kyrkjelege tenester på samisk.
Samisk i domstolane Rettsspråket i norske domstolar er som hovudregel norsk, og utvida rett til bruk av samisk i rettsvesenet er avgrensa til nokre domstolar.
For domstolar med embetskrins som heilt eller delvis omfattar forvaltningsområdet for samisk språk er det ein rett til å bruka samisk språk i kontakt med domstolen på lik linje med norsk.
Forvaltningsområdet for samiske språk består av språkutviklingskommunar, språkvitaliseringskommunar og språkstimuleringskommunar (ref Sametinget).
Karasjok, Kautokeino, Nesseby og Tana er språkutviklingskommunar. Porsanger, Kåfjord, Lavangen, Tjeldsund, Hattfjelldal, Hamarøy, Røyrvik, Røros og Snåsa er språkvitaliseringskommunar. Frå 1.1.2026 er Saltdal samisk språkstimuleringskommune.
Forvaltningsområdet for samiske språk består i tillegg av Troms fylkeskommune, Finnmark fylkeskommune, Nordland fylkeskommune og Trøndelag fylkeskommune.
17 domstolar held til i samisk forvaltningsområde. Dei har namna sine på norsk, og dessutan nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk.
Dette gjeld eksempelvis Helgeland tingrett / Helgelanden digkiereakta, Finnmark jordskifterett / Finnmárkku eanajuohkinriekti, Frostating lagmannsrett / Frostatingen laakemaenniereakta, Utmarksdomstolen for Finnmark / Finnmárkku meahcceduopmostuollu og Høgsterett.
Finnmarkseigedommen 17. juni 2005 kom Finnmarkslova, som legg grunnlaget for forvaltninga av grunn og naturressursar i fylket. I Finnmark er Statsskog sine område overdradd til Finnmarkseigedommen. I styret der er Finnmark fylkeskommune og Sametinget representert med 3 medlemmer kvar.
Det finst ei todeling av fylket og eigedommen, ut frå §10 i lova: Dersom et forslag om endret bruk av utmark som enten bare gjelder Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger og Tana kommuner eller bare gjelder resten av Finnmark, får tilslutning fra tre og bare tre styremedlemmer, kan tre styremedlemmer samlet kreve at saken behandles en gang til. Ved denne behandlingen deltar ikke det siste styremedlemmet valgt av Finnmark fylkesting dersom saken gjelder endret bruk av utmark i Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger eller Tana kommuner. Gjelder saken endret bruk av utmark i resten av Finnmark, deltar ikke det siste styremedlemmet valgt av Sametinget som ikke representerer reindriften. Saken avgjøres med alminnelig flertall. Dersom det blir besluttet endret bruk av utmark med tilslutning fra tre og bare tre styremedlemmer og hele mindretallet begrunner sitt standpunkt i hensynet til samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøvelse og samfunnsliv vurdert på bakgrunn av Sametingets retningslinjer, kan et samlet mindretall i løpet av styremøtet kreve at saken forelegges for Sametinget. Annet ledd tredje og fjerde punktum gjelder tilsvarende.
§ 28 og 28a avklarer at Tana og Neiden er område som har eigne lokale føresegner.
Hålogalandsalmenningen er foreslått oppretta av Samerettsutvalet 2 for statseigedommane i Troms og Nordland. I tillegg kjem områda frå Hedmark til Trøndelag som også er vurderte av dette utvalet.
Det samiske verkemiddelområdet Det statlege Samisk Utviklingsfond (SUF) frå 1975, kom under Sametinget frå 1989. I 2009 blei SUF erstatta av Sametinget sine tilskotsordningar til næringsutvikling (STN). STN har eit geografisk virkeområde vedtatt i Sametinget sine årlege budsjett. Dette området er stadig utvida og omfattar (august 2026) 18 kommunar og 13 delar av kommunar.
I Finnmark: 5612 Kautokeino, heile kommunen 5601 Alta, desse grunnkrinsane: 0101 Stjernøy 0102 Seiland 0103 Lille Lerresfjord 0104 Store Lerresfjord 0105 Komagfjord 0106 Korsfjord 0107 Nyvoll 0108 Storekorsnes 0110 Kongshus 0201 Isnestoften 0202 Tappeluft/Riverbukt 0203 Langfjordbotn 0204 Talvik 0205 Vasbotnelv 5614 Loppa, heile kommunen 5603 Hammerfest, denne delen : 2017 Kvalsund, den gamle kommunen 5618 Måsøy, desse grunnkrinsane: 0119 Snefjorden 0120 Litlefjord 0121 Slåtten 0122 Gunnarnes 0123 Tufjord 0124 Ingøy 5620 Nordkapp, desse grunnkrinsane: 0101 Skarsvåg 0102 Kamøyvær 0113 Vestersida-Botnområdet 0114 Nordvågnesområdet 0115 Kjelvik-Helnesområdet 0117 Skuotanjargga 0118 Mannskarvik-Repvåg 0119 Sværholthalvøya 0200 Gjesvær 0201 Gjesvær 0202 Knivskjellodden 0203 Tufjorden 0204 Magerøystua 0205 Finnvik 0206 Vannfjordnæringen Bygda Sarnes 5622 Porsanger, heile kommunen 5610 Karasjok, heile kommunen 5624 Lebesby, desse grunnkrinsane: 0103 Dyfjord 0104 Kifjord/Normanset/Mårøyfjord 0105 Torskefjord/Bekkarfjord 0106 Lebesby 0107 Ifjord 0108 Friarfjord/Adamsfjord 0109 Laksefjordbotn/Kunes 0110 Veidnesklubben/Godviknes 0111 Vadasbaksæibos 0112 Gappatvarri 0113 Eretoaivit 0114 Vuonjalrassa 5626 Gamvik, heile kommunen 5628 Tana, heile kommunen 5636 Nesseby, heile kommunen 5605 Sør-Varanger, desse grunnkrinsane: 0101 Bugøynes 0102 Bugøyfjord 0103 Spurvnes/Skogerøya 0104 Neiden 0402 Jakobsnes 0403 Ropelv 0404 Jarfjord 0405 Grense Jakobselv 0503 Svanvik 0504 Melkefoss/Skrotnes 0505 Øvre Pasvik
I Troms: 5501 Tromsø, desse grunnkrinsane: 3301 Jøvik 3302 Olderbakken 3303 Lakselvbukt 3304 Lakselvdalen 3305 Sjøvassbotn 3306 Stordal 3307 Sjursnes 3308 Reiervik 3309 Breivika 3310 Ullsfjordmoane 5512 Tjeldsund, denne delen : 1913 Skånland, den gamle kommunen 5516 Gratangen, heile kommunen 5518 Lavangen, heile kommunen 5522 Salangen, heile kommunen 5526 Sørreisa, desse grunnkrinsane: 0101 Gumpedal 0102 Øvre Bakkejord 0103 Skøelvdal 0104 Smørsgård 0201 Storlia/Rabbås 0207 Reinelv 0208 Andsvatn 5532 Balsfjord, heile kommunen 5534 Karlsøy, heile kommunen 5536 Lyngen, heile kommunen 5538 Storfjord, heile kommunen 5540 Kåfjord, heile kommunen 5542 Skjervøy, heile kommunen 5544 Nordreisa, heile kommunen 5546 Kvænangen, heile kommunen
I Nordland: 1806 Narvik, desse grunnkrinsane: 0102 Herjangen 0109 Vassdal 0110 Elvegården 0111 Kvandal 1875 Hamarøy, desse grunnkrinsane: 0116 Innhavet 0117 Veggfjell 0118 Sagvatnan 0119 Grensefjellene 1875 Hamarøy og 1806 Narvik, denne delen: 1850 Tysfjord, den gamle kommunen 1853 Evenes, desse grunnkrinsane: 0109 Evenesmark 0110 Myrnes 0111 Osmark 0114 Lenvik/Lenvikmark 0117 Veggen
Midlar til næringsutvikling kan i tillegg til det geografiske verkeområdet ytast til:
Duodji i heile landet. Reindrift og tilleggsnæringar til reindrift i samiske område. Kreative næringar der samiske kulturelement utgjer ein sentral del av verksemda i sørsamisk, pitesamisk og lulesamisk område. Reiseliv der samiske kulturelement utgjer ein sentral del av verksemda i sørsamisk, pitesamisk og lulesamisk område.
Attåt dette kjem området forvalta av Fjordfiskenemnda, som skal styrke fjordfiskeria med særleg vekt på samisk bruk. Nemnda blei oppretta etter innstillinga frå Kystfiskeutvalet.innstillinga frå Kystfiskeutvalet Verkeområdet er fylka Finnmark, Troms og Nordland, men regulerer særleg dei såkalte «fjordlinjene» i forskrifta om sjøfiske.forskrifta om sjøfiske. Avgrensinga fins på kart hos ArcGIS.
Det samiske reinbeiteområdet (sidaer) I reindriftslova § 4 første ledd heiter det: «Den samiske befolkningen har på grunnlag av alders tids bruk rett til å utøve reindrift innenfor de delene av fylkene Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark hvor reindriftssamene fra gammelt av har utøvet reindrift (det samiske reinbeiteområdet).» (Vår utheving.)Kart her.
Valkrinsar til Sametingsvalet, sør tilogmed det sørsamiske området Til Sametinget er det valkrinsar i heile landet. Den interessante grensa går mellom krins 6 og 7, sidan den første blir kalt den sørsamiske valkrinsen:
Sørsamisk valkrins (Åarjel-Saepmie veeljemegievlie / Sørsamisk valgkrets) femner Nordlandskommunane frå og med Rana og Rødøy og sørover, alle kommunane i Nord- og Sør-Trøndelag fylke, Sunndal, Surnadal og Rindal kommunar i Møre og Romsdal fylke, og Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke. Tre representantar skal veljast inn frå kretsen.
Andre område med dokumentert samisk busetnad eller bruk mini Segner og skriftlege kjelder - ca. 500 e.Kr.
Boka Fundinn Noregr inneheld ei segn om jotnen Svade frå Dovre, og sonen hans Rolf, som blir kalla konge av Svaðabu, ein stad på Ringsaker.Fundinn Noregr ved heimskringla.no Ein jotunkonge er no ofte tolka til å vera ein samisk høvding:
Ok eftir þat ferr Nórr til Upplanda ok kom þar, sem nú heitir Heiðmörk. Þar réð sá konungr fyrir, er hét Hrólfr ór Bjargi. Hann var sonr Svaða jötuns norðan af Dofrum.
Forteljinga er mytisk, men etter slektsopprekninga skal dette ha skjedd omlag år 500.
- ca. 850
I Soga om Halvdan Svarte står det at kongen hadde gjestebod på Hadeland og då all maten og drikka plutseleg forsvann, sende han bod etter ein trollkyndig same som skulle hjelpa han med å finna forklaringa.Soga um Halvdan Svarte ved heimskringla.no
Det heiter også i ulike segner at Halvdan let sonen sin Harald fostra opp hos jotunkongen Dovre, på Dovre.
I Soga om Harald Hårfagre heiter det at kongen møtte samen Svåse og dotra Snøfrid på Tofte i Dovre, då han heldt julegjestebod der. Svåse hadde fått lov av kongen til å setja opp ein gamme attmed kongsgarden.
- ca. 873
I Soga om vatsdølane står det at Ingemund Torsteinsson, ein herse på garden Romsdal «i det nordlege Noreg» heldt eit gjestebod der ei trollkyndig finnekone spådde framtida hans: «Þar var komin Finna ein fjölkunnig.» Dette er tidfest til vinteren etter slaget i Hafrsfjord (ca. år 872). Han ba sommaren etter til seg tre finnekarar for å finna ut om spådommen til finnekona var riktig. Desse finnane kalte seg sjølv for «semsveinar» og «kom nordfrå»: «Hann sendir eftir Finnum og komu norðan þrír.» «Þeir svara: 'Semsveinum er það forsending að fara en fyrir þína áskorun viljum vér prófa.'» Romsdal blir i denne samanheng utelukkande tolka som det som no heiter Romsdal, sjølv om det altså står "Hann bjó á þeim bæ er í Raumsdal heitir. Það er norðarlega í Noregi." Uttrykksmåten peikar mest truleg på at dette var rekna som "nord i Nordvegen", dvs nord på Vestlandet. Ei anna tolking er at dette faktisk var rekna som den nordlege delen av det norske området, også på den tida då soga blei nedskriven, i andre halvdel av 1200-talet.