«Way Down» er ein song spelt inn av Elvis Presley i oktober 1976. Det vart den siste singelen han gav ut før han døydde 16. august 1977. Songen var skriven av Layng Martine jr. og seinare spelt av Status Quo og Cliffhanger. Elvis spelte inn songen i heimen sin Graceland.

Songen vart utgjeven som singel (med «Pledging My Love» på B-sida) den 6. juni 1977, og var den siste singelen han gav ut før han døydde. Songen nådde først berre 31. plassen på Billboard Hot 100 i veka den 6. august 1977 og hadde falle til 53. plassen veka etter. Etter Presley døydde klatra han til 18. plassen på Hot 100-lista og heilt til førsteplassen på countrylista den veka han døydde. I Storbritannia gjekk singelen inn på UK Singles Chart, nesten sju år etter den førre førsteplassen hans der, «The Wonder of You», i 1970. Den førre singelen, «Moody Blue», hadde nådd førsteplassen på countrylista tidlegare i 1977. «Way Down» kom ut på ny i april 2005 og klatra då heilt til andreplassen på UK Singles Chart.

På innspelinga syng J.D. Sumner teksten «way on down» på slutten av kvart refreng ned til ein låg C (C2). På slutten av songen går han ein heil oktav lågare, til ein C1. I følgje Guinness Book of World Records er dette den lågaste tonen som er produsert av ei menneskerøyst.

Lister

Vekeslister Lister (1977)PlasseringU.S. Billboard Hot Country Singles1U.S. Billboard Hot 10018U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks14Canada RPM Country Tracks1Canada RPM Top Singles15Canada RPM Adult Contemporary Tracks23Irish Singles Chart1UK Singles Chart1

Årslister Liste (1977)RankCanada 134U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual) 121

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Way Down» frå , den 26. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar produserte av Felton Jarvis Kategori:Songar skrivne av Layng Martine Jr. Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland