William James Dixon () var ein USA-amerikansk bluesmusikar, vokalist, låtskrivar, arrangør og plateprodusent. Han spelte mykje på både kontrabass og gitar, og var òg ein dugande songar, men han er kanskje mest kjend som ein av dei mest produktive låtskrivarane i si tid. Ved sidan av Muddy Waters er Dixon kjend som den viktigaste personen i utforminga av Chicago blues-stilen etter andre verdskrigen.Trager, Oliver (2004). Keys to the Rain: The Definitive Bob Dylan Encyclopedia. Billboard Books. pp. 298–299. .

Songane til Dixon er blitt spelt inn av særs mange musikarar innan mange sjangrar. Ei kort liste over dei mest kjende songane hans er «Hoochie Coochie Man», «I Just Want to Make Love to You», «Little Red Rooster», «My Babe», «Spoonful» og «You Can't Judge a Book by the Cover». Desse songane vart skrivne under toppåra til Chess Records, frå 1950 til 1965, og vart framførte a Muddy Waters, Howlin' Wolf, Little Walter og Bo Diddley. Desse inspirerte seinare ein nye generasjonar musikarar verda over.Dicaire, David (1999). Blues Singers: Biographies of 50 Legendary Artists of the Early 20th Century. McFarland. p. 87. .

Dixon var òg ein viktig link mellom blues og rock and roll, og arbeidde med Chuck Berry og Bo Diddley seint i 1950-åra. Songane hans er blitt spelte av somme av dei største musikarane i nyare tid, som Cream, Jeff Beck, The Doors, Led Zeppelin, The Rolling Stones, Steppenwolf, Bob Dylan og Jimi Hendrix. Debutalbuma til dei seks første av desse artistane inneheld minst ein av songane hans, noko som seier litt om innverknaden han har hatt på rockemusikken.

Han fekk ein Grammy Award og vart innlemma i Blues Hall of Fame, Rock and Roll Hall of Fame og Songwriters Hall of Fame.

Diskografi

Album År Tittel Selskap Nummer Kommentar 1959 Willie's Blues Bluesville BVLP-1003 med Memphis Slim 1960 Blues Every Which Way Verve MGV-3007 med Memphis Slim 1960 Songs of Memphis Slim and "Wee Willie" Dixon Folkways FW-2385 1962 Memphis Slim and Willie Dixon at the Village Gate Folkways FA-2386 Live, med Pete Seeger 1963 In Paris: Baby Please Come Home! Battle BM-6122 med Memphis Slim, 1962 1970 I Am the Blues Columbia PC-9987 med The Chicago All Stars, 2003 1971 Willie Dixon's Peace? Yambo 777-15 med The Chicago All Stars 1973 Catalyst Ovation OVQD-1433 kvadrofonisk plate 1976 What Happened to My Blues Ovation OV-1705 1983 Mighty Earthquake and Hurricane Pausa PR-7157 1985 Willie Dixon: Live (Backstage Access) Pausa PR-7183 med Sugar Blue og Clifton James, Montreux, 1985 1988 Hidden Charms Bug C1-90593 Grammy-winning album 1989 Ginger Ale Afternoon Varèse Sarabande VSD-5234 Musikk filmen filmen med same namn 1990 The Big Three Trio Legacy C-46216 innspelt 1947–1952 1993 Willie Dixon's Blues Dixonary Roots RTS 33046 EAN: 8712177013760 1995 The Original Wang Dang Doodle: The Chess Recordings MCA 9353 Samleplate frå 1954 til 1990 1996 Crying the Blues: Live in Concert Thunderbolt CDTB-166 Live, med Johnny Winter og The Chicago All Stars, Houston, 1971 1998 Good Advice Wolf 120,700 Live, med The Chicago All Stars, Long Beach, 1991 1998 I Think I Got the Blues Prevue 17 2001 Big Boss Men: Blues Legends of the Sixties Indigo (UK) IGOXCD543 Live, Houston, 1971–72 (seks spor) 2008 Giant of the Blues Blues Boulevard Records 250196 EAN: 5413992501960

Som sidemann Dixon sin bidrag som bassist spenner over mange tiår og sjangrar, og stundom spelte han òg gitar og fungerte som produsent.

Med Chuck Berry After School Session (Chess, 1957) One Dozen Berrys (Chess, 1958) Chuck Berry Is on Top (Chess, 1959) Rockin' at the Hops (Chess, 1960) St. Louis to Liverpool (Chess, 1964) Med Bo Diddley Bo Diddley (Chess, 1958) Go Bo Diddley (Checker, 1959) Have Guitar Will Travel (Checker, 1960) Bo Diddley in the Spotlight (Checker, 1960) Bo Diddley Is a Gunslinger (Checker, 1960) Bo Diddley (Checker, 1962) Med Fleetwood Mac og «Chicago Blues artists» (med Otis Spann og Buddy Guy) Fleetwood Mac in Chicago (Blue Horizon, 1969) Med Dale Hawkins Oh! Suzy-Q (1958) Med Howlin' Wolf Moanin' in the Moonlight (Chess, 1959) Howlin' Wolf (Chess, 1962) Going Back Home (1971) Med Sam Lazar Space Flight (Argo, 1960) Med J.B. Lenoir Natural Man (1968) Med Little Walter Little Walter (1964) Hate to See You Go (1969) Med Jimmy Reed I'm Jimmy Reed (1959) Found Love (1960) Jimmy Reed at Carnegie Hall (Vee-Jay, 1961) Boss Man of the Blues (1964) Med Jimmy Rogers Jimmy Rogers (Chess, 1984) Med Johnny Shines Last Night's Dream (Warner Bros., 1968) Med Koko Taylor Koko Taylor (Chess, 1969) Med Muddy Waters Folk Singer (Chess, 1964) Med Junior Wells In My Younger Days (1972) Med Big Joe Williams Nine String Guitar Blues (1961, seinare gjeven ut som Walking Blues) Studio Blues (1964) Med Sonny Boy Williamson Down and Out Blues (Checker, 1959) One Way Out (1968) Bummer Road (1969) Med Johnny Winter Johnny Winter (Columbia, 1969)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Willie Dixon» frå , den 27. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Willie Dixon, Mississippi blues musician. Mississippi Writers and Musikars Project of Starkville High School Willie Dixon's Blues Heaven Foundation Offisiell side for Willie Dixon

Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske bluessongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske kontrabassistar Kategori:USA-amerikanske musikkarrangørar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Blues Hall of Fame Kategori:Bluesmusikarar frå Mississippi Kategori:Chicago blues-musikarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Jive-songarar Kategori:Jump blues-artistar Kategori:Musikarar frå Mississippi Kategori:Rock and Roll Hall of Fame