Nord universitet er eit norsk statleg universitet skipa 1. januar 2016 ved at Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag vart slegne saman. Nord universitet har hovudsete i Bodø og studiestadar i Stokmarknes, Bodø, Mo i Rana, Nesna, Sandnessjøen, Namsos, Steinkjer, Levanger, Verdal og Stjørdal. Talet på tilsette er ikring 1 200, og talet på studentar ikring 12 000. mini|Norduniversitetet sine fakultet og studiestadar (desember 2017).

Fakultet Universitetet har desse fakulteta med gradsstudiar (2017–2018):

Fakultet for biovitskap og akvakultur studiestad Bodø: doktorstudiar i akvatisk biovitskap masterstudiar i biologi og akvakultur baccalaurusstudiar i dyrevitskap, biologi, dyrepleie, havbruksdrift og leiing, og internasjonal marknadsføring studiestad Steinkjer: baccalaurusstudiar i husdyrfag, naturforvalting, utmarksforvalting, og økonomi og landbruk

Fakultet for samfunnsvitskap studiestad Bodø: doktorstudiar i sosiologi masterstudiar i leiing av menneskelege resursar (HRM) og samfunnsvitskap baccalaurusstudiar i barnevern, historie, HRM, internasjonale relasjonar, journalistikk, nordområdestudiar og sosialt arbeid studiestad Mo i Rana: baccalaurusstudiar i sosialt arbeid studiestad Steinkjer: masterstudie i samfunnsvitskap baccalaurusstudiar i 3D-kunst, film- og TV-produksjon, geografi, kommunal økonomi og leiing, spel og opplevningsteknologi

Handelshøgskolen Nord studiestad Bodø: doktorstudiar i bedriftsøkonomi masterstudiane MBA og siviløkonom baccalaurusstudiar i eigendomsmekling, rekneskap, og økonomi og leiing studiestad Mo i Rana: masterstudiet MBA i teknologileiing baccalaurusstudiar i informasjonssystem, og økonomi og leiing studiestad Stjørdal: masterstudiet MBA baccalaurusstudiar i trafikkpedagogikk, og økonomi og leiing høgskolekandidatstudie for trafikklærarar

Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag studiestad Bodø: doktorstudiar i profesjonspraksis masterstudiar for grunnskolelærarar, lektorutdanning, logopedi, praktisk kunnskap, og tilpassa opplæring baccalaurusstudie for barnehagelærarar studiestadane Stokmarknes, Nesna og Namsos: masterstudiar for grunnskolelærarar studiestad Levanger: masterstudiar for grunnskolelærarar, kroppsøving- og idrettvitskap, kunnskapleiing, lektorutdaning i kroppsøving og idrettsfag, musikk, offentleg administrasjon (MPA), psykisk helsearbeid baccalaurusstudier for barnehagelærarar, musikklærarar, musikkpedagog og formidlar i kulturskolen, i idrettsvitskap studiestad Verdal: baccalaurusstudiar i teaterproduksjon og skodespelarfag

Fakultet for sjukepleie og helsefag studiestadane Bodø, Mo i Rana, Sandnessjøen og Levanger: baccalaurusstudiar for sjukepleiarar I tillegg kjem årsstudiar og ei rekkje kortarere kurs.

Rektor har ansvaret for både den faglege verksemda, og for det administrative og økonomiske.

Rektorar 2016–2019: Bjørn Olsen 2019– : Hanne Elenora Solheim Hansen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Universitet i Noreg Kategori:Skipingar i 2016