Søren Ve () var ein norsk lærar, rektor og lokalhistorikar. Han var frå Øvre Årdal i Årdal kommune. Etter eksamen ved Stord lærarskule arbeidde Ve som lærar i 15 år i Luster, Oslo, Rjukan og Bergen. Ve tok matematisk-naturvitskapleg embetseksamen i 1930 med botanikk som hovudfag og i 1941 tok han doktorgraden i botanikk om treslag i indre Sogn. Han arbeidde som lektor ved fleire skular i Bergen: ved Tanks skole 1931-1939, ved Lungegården skole 1939-1942 og frå 1941 ved U. Pihls skole, der han vart rektor seinare. Ved sida av arbeidet jobba han med vitskapeleg arbeid, særleg om treslaga og høgdegrensene for treslaga i indre Sogn. Ve var med å skipa Årdal sogelag i 1949 og han stod sentralt i arbeidet med bygdebøkene for Årdal.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Fylkesleksikon Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff Om Søren Ve i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Forfattarar frå Årdal