mini|Sirkulasjon av hjerne-ryggmergsvæske i dei øvre delane av sentralnervesytemet mini|Magnetresonanstomografibilete som syner pulsering av hjerne-ryggmergsvæske med hjarteslag Hjerne-ryggmergsvæske, cerebrospinalvæske eller berre spinalvæske er ei klår og fargelaus væske som finst i sentralnervesystemet. Ho vert i hovudsak danna i koroid pleksus. Strøyming av hjerne-ryggmergsvæske er driven av innanding, hjarteslag og kroppshaldning.
Hjerne-ryggmergsvæska gjev oppdrift til hjernen og kan ta opp i seg energien frå støyt. Ho kan òg frakta næring og avfallsstoff til og frå hjernen.
Parasittar kan finnast i hjerne-ryggmergsvæska, som Trypanosoma brucei som valdar sovesjuke. Artar i denne slekta, Trypanosoma, kan lett øksla seg i hjerne-ryggmergsvæska.
Kjelder
Kategori:Kroppsvæsker Kategori:Hjernen Kategori:Nevrologi