Nicolay Johan Martens () var ein norsk forstmann og politikar frå Bergen. Han var ordførar i Steinkjer 1881-90.

Martens var son til ein kjøpmann i Bergen. Sjølv gjekk han 1859-62 på skogskule i Tyskland og var frå den tid forstassistent, stasjonert i dagens Nord-Trøndelag. Frå 1880 var han styrar av skogskulen i Steinkjer, 1895 skogforvaltar i Inderøy herad og til sist skoginspektør for nordenfjeldske distrikt frå 1899.

Martens var ordførar i Steinkjer frå 1881 til -90, åra 1884-90 også forlikskommissær.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske forstfolk Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Ordførarar i Steinkjer