Asparges (Asparagus officinalis) er ein planteart i aspargesfamilien. Han er ein urteaktig fleirårig plante i aspargesslekta. Dei nye skota om våren blir brukt som grønsak.
mini|venstre|Aspargesskot.
Aspargesplanten veks naturleg i det meste av Europa, nordlege Afrika og vestlege Asia. I Noreg er asparges ein framandart som vart innført som matplante i alle fall frå 1600-talet. Han vart først funnen i norsk natur midt på 1800-talet. Asparges er no nokså vanleg langs kysten frå Østfold til Kristiansand og er der fullt naturalisert. Han finst ellers vidare langs kysten spreidd til Nord-Trøndelag og svært spreidde stader i innlandet austafjells. Arten var ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018, men i 2023 er han vurdert med potensielt høg risiko (PH).
Sjå òg Aspargesert Aspargesbønne
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Asparagus» frå , den 5. juli 2017.
Kategori:Grønsaker Kategori:Aspargesslekta