«South of the Border» er ein populær amerikansk song som skildrar ein tur til Mexico, skriven av Jimmy Kennedy og Michael Carr. Songen kom ut i 1939 for filmen South of the Border med countrystjerna Gene Autry.Soundtrack: South of the Border - 1939. - IMDb.
I teksten ser ein mann attende med anger og smerte for å ha lyge til ei kvinne han ikkje kan gløyme - «...and now as I wander, my thoughts ever stray...». Han kjem attende til ho for seint og oppdagar at ho har blitt ei nonne.Frederick B. Pike, «FDR's Good Neighbor Policy: Sixty Years of Generally Gentle Chaos» - 1995, University of Texas Press. P. 198. Teksten er mykje meir nedtont enn musikken, som svintar av glede.
Songen vart ein hit i 1939 for Shep Fields, med vokal av Hal Derwin. Andre suksessrike innspelingar i 1939 var av Guy Lombardo, Gene Autry, Ambrose med vokal av Denny Dennis og Tony Martin.
Frank Sinatra spelte inn songen 30. april 1953 for Capitol Records og nådde 18. plassen på Billboard-lista.
Medlemmar av Western Writers of America valde songen som ein av dei 100 beste western-songane gjennom tidene.
Andre innspelingar Al Bowlly innspelt 11. mai 1939 Acker Bilk -på albumet Clarinet Moods - 2002 Bing Crosby på albumet hans Bing Crosby's Treasury - The Songs I Love - 1965 Chuck Berry på albumet Chuck Berry (1975), med nokre endringar i teksten Dean Martin for albumet Dino Latino - 1962 Engelbert Humperdinck for albumet The Winding Road - 2007 Fats Domino på albumet hans Here He Comes Again! - 1963 Frankie Laine - 1953 Gale Storm - på singel og på albumet Gale Storm Sings - 1957 Herb Alpert for albumet South of the Border - 1964 Keely Smith for albumet Keely Sings Sinatra - 2001 Malcolm Vaughan - på EP-en Requests for Malcolm Vaughan - 1960 Mel Tormé - på albumet ¡Olé Tormé!: Mel Tormé Goes South of the Border with Billy May - 1959 Patsy Cline - på albumet Showcase - 1961 Patti Page - innspelt for albumet Let's Get Away from It All - 1957 Perry Como innspelt for albumet We Get Letters - 1957 Russ Conway - for albumet Piano Requests - 1958 Sam Cooke - på albumet Cooke's Tour - 1960 The Shadows - for albumet Out of the Shadows - 1962 Slim Whitman - på albumet In Love the Whitman Way - 1968 Willie Nelson - for albumet Let's Face the Music and Dance - 2013
Norske versjonar Tola (Torleif Larssen) har skrive ein norsk tekst og Øystein Sunde har skrive ein meir humoristisk norsk tekst. Versjonen til Tolas heiter «Sollyse dager ved Mexicos strand», medan Sunde sin versjon heiter «Saus over bordet».
Innspelingar År Songtittel Albumtittel Artist Tekstforfattar Platetype Platemerke og katalognummer1939Innspelt i Oslo i august 1939«Sollyse dager ved Mexicos strand»Jens Book-Jenssen med Ø. Berghs BristolorkesterTola78-plateColumbia GN 7161939«Sollyse dager ved Mexicos strand»Øystein FrantzenTola78-plateHis Master's Voice«Sollyse dager ved Mexicos strand»Ivar RusteTola1981«Saus over bordet» Barkebille boogieØystein SundeØystein SundeLPPhilips 6327 046
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «South of the Border (1939 song)» frå , den 9. juli 2017.
Kategori:Songar frå 1939 Kategori:Popstandardar Kategori:Songar med tekst av Jimmy Kennedy Kategori:Songar med musikk av Michael Carr Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Frank Sinatra-songar Kategori:Bing Crosby-songar Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:Dean Martin-songar Kategori:Engelbert Humperdinck-songar Kategori:Fats Domino-songar Kategori:Frankie Laine-songar Kategori:Herb Alpert-songar Kategori:Keely Smith-songar Kategori:Mel Tormé-songar Kategori:Patsy Cline-songar Kategori:Patti Page-songar Kategori:Perry Como-songar Kategori:Sam Cooke-songar Kategori:The Shadows-songar Kategori:Slim Whitman-songar Kategori:Willie Nelson-songar