Thomas Baptiste «Tom» Morello () er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, skodespelar og politisk aktivist. Han er mest kjend som medlem av bandet Rage Against the Machine og sidan i Audioslave. I 2016 var Morello medlem i supergruppa Prophets of Rage. Morello har òg turnert med Bruce Springsteen and the E Street Band.http://ultimateclassicrock.com/tom-morello-interview-springsteen-high-hopes-2014/ Som soloartist har han kalla seg The Nightwatchman og Street Sweeper Social Club, som er hovudsakleg akustisk. Morllo har i lag med Serj Tankian skipa den ideelle organisasjonen Axis of Justice, som har eit program ein gong i månaden på radiostasjonen Pacifica Radio i Los Angeles.
Morello vart fødd i Harlem i New York og voks opp i Libertyville i Illinois, og vart interessert i musikk og politikk medan han var på vidaregåande skule. Han gjekk på Harvard University og tok bachelor i samfunnsfag. Etter det førre bandet hans, Lock Up vart oppløyst, møtte Morello Zack de la Rocha og i lag skipa dei Rage Against the Machine. Gruppa vart ei av dei mest populære og innverknadsrike rockegruppene i 1990-åra.
Han er mest kjend for den unike og kreative gitarspelestilen, med bruk av feedbackstøy, utradisjonell pluking og tapping, i tillegg til kraftig bruk av gitareffektar. Morello er kjend for det venstrevridde politiske synet sitt og aktivisme. I sideprosjektet The Nightwatchman kunne ha la desse politiske syna kome fram, samstundes som han spelte i det apolitiske Audioslave. Han vart rangert som den 40. beste gitaristen gjennom tidene av Rolling Stone.
Utvald diskografi Lock Up Something Bitchin' This Way Comes - 1989
Rage Against the Machine Rage Against the Machine - 1992 US 3x Platinum Evil Empire - 1996 US 3x Platinum Live & Rare - 1998 The Battle of Los Angeles, - 1999 US 2x Platinum Renegades - 2000 US Platinum Live at the Grand Olympic Auditorium - 2003
Audioslave Audioslave - 2002 US 3x Platinum Out of Exile - 2005 US Platinum Revelations - 2006 US Gold
The Nightwatchman One Man Revolution - 2007 The Fabled City - 2008 Union Town - 2011 World Wide Rebel Songs - 2011
Street Sweeper Social Club Street Sweeper Social Club - 2009 The Ghetto Blaster EP - 2010
Bruce Springsteen Wrecking Ball - 2012 High Hopes - 2014
Prophets of Rage The Party's Over EP - 2016
Filmar Saturday Night Live - Episode 21 i 1996 .... Musikalsk gjest - Rage Against the Machine Star Trek: Insurrection - 1998 .... son av offiser Star Trek: Voyager - Sesong 6, episode 20, 2000, «Good Shepherd» .... Crewman Mitchell Made - 2001 .... Best Man Berkeley - 2005 .... Blue Metal: A Headbanger's Journey - 2005 .... seg sjølv Iron Man - 2008 .... Insurgent #5 Chevolution - 2008 .... seg sjølv Iron Maiden: Flight 666 - 2009 .... seg sjølv Bruce Springsteen's High Hopes - 2014 .... seg sjølv High Hopes In South Africa - 2014 .... seg sjølv
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tom Morello» frå , den 9. juli 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Afroamerikanske gitaristar Kategori:Afroamerikanske rockemusikarar Kategori:Alternativ metal-gitaristar Kategori:USA-amerikanske aktivistar Kategori:USA-amerikanske anarkistar Kategori:USA-amerikanske heavy metal-gitaristar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske punkrockgitaristar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Elevar ved Harvard University Kategori:Audioslave-medlemmar Kategori:Sologitaristar Kategori:Musikarar frå Illinois Kategori:Folk frå Harlem Kategori:Rap metal-musikarar Kategori:Rage Against the Machine-medlemmar Kategori:Prophets of Rage-medlemmar