«Diddy Wah Diddy» er ein song skriven av Willie Dixon og Ellas McDaniel, kjend som Bo Diddley, og spelt inn av Diddley i 1956. Songen deler berre tittel med Blind Blake-songen «Diddie Wah Diddie» frå 1929. I løpet av åra har Bo Diddley-songen blitt spelt av mange band og artistar, som The Astronauts, Captain Beefheart and his Magic Band, The Remains, The Twilights, Taj Mahal, The Sonics, The Fabulous Thunderbirds, Ty Segall Band og The Blues Band blant mange andre.
Originalversjonen til Bo Diddley «Diddy Wah Diddy» var den fjerde singelen til Bo Diddley på Checker Records, og kom ut tidleg i 1956. Songen vart spelt inn 10. november 1955 i Chicago.Diddley hadde på innspelinga med seg The Moonglows på korvokal, Willie Dixon på bass, Jody Williams i lag med Bo Diddley på gitar, Clifton James på trommer, Jerome Green på maracas og Little Willie Smith på munnspel.
Teksten i songen omhandlar den mytiske byen Diddy Wah Diddy. Det var ikkje uvanleg på byrjinga av 1900-talet for afroamerikanarar i Sørstatane (særleg i Florida) å snakke om forskjellige mytiske byar og land som Beluthahatchie, Ginny Gall,Mencken, H. L. , «Hell and Its Outskirts,» The New Yorker, October 23, 1948 Diddy Wah Diddy og West Hell som om dei var verkelege. Av alle desse oppdikta stadane skreiv folkloristen Benjamin A. Botkin at Diddy Wah Diddy var «den største og mest kjende av dei afroamerikanske, mytiske stadane.» Det vart trudd at i Diddy Wah Diddy så var det rikt på mat, ein trong ikkje å arbeide, og menneske og dyr hadde det godt. Dixon- og McDaniel-songen vert sungen frå synspunktet til ein mann som har ein kjærast som bur på denne mytiske staden.
Songen vert ofte forveksla med Blind Blake-songen «Diddie Wa Diddie» frå 1928, og denne er òg blitt spelt inn under tittelen «Diddy Wah Diddy».
Captain Beefheart-versjonen
Captain Beefheart and his Magic Band spelte inn ein bluesrockversjon av songen, produsert av David Gates (seinare frontmann i Bread), i januar 1966 i Sunset Sound Recorders i Hollywood i California. Songen var den første singelen til bandet, gjeven ut på A&M i mars det året. Somme kopiar av singelen har «A. Christensen» ført opp som låtskrivar. Songen fekk raskt interesse og vart ein regional hit, og bandet spelte songen i mai på TV-showet Where the Action Is, der dei mimer til songen på ei strand i California.
Medverkande Don Van Vliet – vokal, munnspel Doug Moon – gitar Alex Snouffer – trommer Jerry Handley – bassgitar Richard Hepner – gitar
Andre versjonar Den første kjende coverversjonen av songen vart spelt inn av rockebandet The Astronauts på albumet The Astronauts Orbit Campus i 1964.
Kring samstundes med Captain Beefheart-versjonen, i midten av 1966, spelte The Remains frå Boston inn ein garasjerockversjon av songen, som vart ein hit på Austkysten.
The Sonics spelte inn songen som ein garasjerock-song kring 1966 og denne kmo ut i 1991 på albumet Maintaining My Cool og i 2004 på Sundazed-utgåva av albumet Introducing the Sonics.
To australske band, The Twilights og Mike Furber and the Bowery Boys spelte songen, igjen i 1966. Eit anna australsk band, Running Jumping Standing Still, spelte inn ein versjon i 1967, og denne nådde 13. plassen på singellista i Melbourne.
Ein versjon av bluesrockbandet The Fabulous Thunderbirds kom ut i 1982 på albumet T-Bird Rhythm.
Ein garasjerock-versjon av «Diddy Wah Diddy» vart spelt inn av Ty Segall Band i 2012 på albumet Slaughterhouse.
Tom Petty and the Heartbreakers spelte songen i 1997 og denne finst på albumet The Live Anthology.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Diddy Wah Diddy» frå , den 10. juli 2017.
Bakgrunnsstoff Diddy Wah Diddy at Allmusic
Kategori:Songar frå 1956 Kategori:Singlar frå 1956 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Bo Diddley-songar Kategori:Checker Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Bo Diddley Kategori:Songar skrivne av Willie Dixon Kategori:Captain Beefheart-songar Kategori:Tom Petty-songar Kategori:The Sonics-songar Kategori:The Remains-songar Kategori:Taj Mahal-songar