Charwell er ei elv nordaust på Sørøya på New Zealand. Ho har utspringet sitt i Seaward Kaikoura Ranges, og ho munnar ut i Conway-elva, den tradisjonelle grensa mellom Marlborough og Canterbury. I elvedalen har det vore drive sauehald.
På 1910-talet føreslo jarnvegsverket på New Zealand å byggja ei jarnvegslinje gjennom ei rekkje elvedalar, mellom desse den til Charwell-elva, for å binda Parnassus og Kaikoura saman som ein del av Main North Line. Arbeidet med denne linja starta ved at det vart lagt ut spor i eit stykke av elvedalen til Leader-elva, men den første verdskrigen gjorde slutt på anleggsarbeidet. Då det vart teke opp att, valde ein ei meir austleg linje langs kysten i staden.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Charwell river» frå , den 11. juli 2017.
Charwell River Kategori:Canterbury på New Zealand Kategori:Marlborough på New Zealand