Det Radikale Venstre er eit sosialliberalt politisk parti i Danmark. Radikale Venstre er med i Den liberale internasjonale og er søsterparti av Venstre i Noreg. Partiet vart grunnlagt 21. mai 1905. Formannen er Martin Lidegaard. Ved det siste folketingsvalet, i 2011, fekk partiet 9,5 % av røystene og 17 plassar i Folketinget (av 179), og vart dermed fjerde størst. Dette var det beste valresultatet for partiet sidan 1973. Politikk Før folketingsvalet i 2005 markerte Radikale Venstre seg i valkampen mellom anna med sterk motstand mot det som det såg som den framandfiendtlege politikken til den sitjande Venstreregjeringa til Anders Fogh Rasmussen. Det gjekk mellom anna sterkt imot restriksjonane på familiegjenforening med utanlandske ektefellar som regjeringa har innført.

I 2006 vedtok partiet ein framtidsstrategi som det kalla «En anden vej». Der ville partiet framstå som eit reelt alternativ, uavhengig av både den høgreorienterte regjeringa til Fogh Rasmussen og Sosialdemokratane. Partiet avviste samarbeid med Fogh Rasmussen, og ville køyra fram Marianne Jelved som sin statsministerkandidat ved neste folketingsval. Denne strategien førte ikkje til suksess.

Partiet sin ungdomsorganisasjon heiter Radikal Ungdom af 1994.

Historie Valresultat for Radikale Venstre Val til Folketinget 1960-2007

Årstal Prosent av røysteneMandat 2011 9,5 % 17 2007 5,1 % 9 2005 9,1 % 17 2001 5,2 % 9 1998 3,9 % 7 1994 4,6 % 8 1990 3,5 % 7 1988 5,6 % 10 1987 6,2 % 11 1984 5,5 % 10 1981 5,1 % 9 1979 5,4 % 10 1977 3,6 % 6 1975 7,1 % 13 1973 11,2 % 20 1971 14,4 % 27 1968 15,0 % 27 1966 7,3 % 13 1964 5,3 % 10 1960 5,8 % 11 Partileiarar Jørgen Hald, 1905-1914 Kr. Tovborg Jensen, 1914-1920 Anders Larsen, 1920-1921 Ole Troelsen, 1921-1922 Erik Scavenius, 1922-1924 N.P. Andreasen, 1924-1929 Martin Sørensen, 1929-1936 N.C. Andersen, 1936-1937 Hans Jeppesen, 1937-1960 Helge Pedersen, 1960-1964 Søren Bjerregaard, 1964-1971 Asger Baunsbak-Jensen, 1971-1974 Gunnar Skov Andersen, 1974-1976 K. Helveg Petersen, 1976-1978 Thorkild Møller, 1978-1993 Margrethe Vestager, 1993-1997 Johannes Lebech, 1997-2000 Lone Loklindt, 2000-2001 (fungerande) Søren Bald, 2001-

Statsministrar frå Radikale Venstre Carl Theodor Zahle, 1909-1910 og 1913-1920 Erik Scavenius, 1942-1943 Hilmar Baunsgaard, 1968-1971

Kjelder

Bakgrunnsstoff Partiet sine heimesider

Kategori:Danske politiske parti Kategori:Liberale parti Kategori:Sentrumsparti Kategori:Skipingar i 1905