«Jenny, Jenny» er ein song frå 1957 av Little Richard og Enotris Johnson, og spelt inn og gjeven ut av Little Richard. Songen kom ut på debutalbumet Here's Little Richard og singelen nådde tiandeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og andreplassen på Hot Rhythm and Blues Singles-lista.
Richard spelte inn songen for Cosimo Matassa sitt J&M Studios i New Orleans, som hadde vore selskapet til Richard sidan september 1955. Med på innspelinga var mellom andre trommeslagaren Earl Palmer og saksofonistane Lee Allen og Alvin «Red» Tyler.
Richard spelte inn att songen tre gonger i karrieren. Den første nyinnspelinga var i 1966 for Modern-albumet The Incredible Little Richard Sings His Greatest Hits - Live!, konsertalbumet Little Richard's Greatest Hits: Recorded Live! i 1967 og albumet Little Richard Live i 1976 med ein ny nyinnspelt studioversjon.
Medverkande Little Richard: vokal, piano Lee Allen: tenorsaksofon Alvin «Red» Tyler: barytonsaksofon Earl Palmer: trommer Frank Fields: bass Edgar Blanchard: gitar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jenny, Jenny» frå , den 16. juli 2017. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:Soul-songar Kategori:Little Richard-songar Kategori:Songar skrivne av Little Richard Kategori:Songar produserte av Robert Blackwell Kategori:Songar frå 1957 Kategori:The Sonics-songar