Mehdi Baala () er ein fransk tidlegare mellomdistanseløpar frå Strasbourg som vart europameister på 1500 meter i 2002 og forsvarte EM-tittelen i 2006. Han sikra seg elles VM-sølv i 2003 og OL-bronse i 2008 på same distansen. Den personlege rekorden på 3.28,9 fekk han notert 5. september i 2003 i Brussel. Baala var også ein framifrå 800-meterløpar med ei bestetid på 1.43,15.

Aktiv mini|venstre|Mehdi Baala under VM 2011

Baala vart fjerdemann på 1500 m under Sommar-OL 2000, langt bak dei tre medaljevinnarane. To år seinare vann han ved europameisterskapen i München gullmedaljen på spesialdistansen med minst mogleg margin, han og sølvvinnar Reyes Estévez fekk nøyaktig same tid, 3.45,25, i ein finale som gjekk i lusetempo til det var mindre enn ei runde att. Ei heilt anna fart hadde Baala då han fire veker seinare, 8. september 2002 i Rieti, sette fransk rekord på 800 meter med tida 1.43,15.

Baala var i si livs beste form i 2003-sesongen. Han imponerte stort då han som den einaste truga verdsrekordhaldaren, Hicham El Guerrouj, i oppløpet på 1500 m under friidretts-VM i Paris. Knapt to veker seinare vart han klokka inn 3.28,9 og fransk rekord på distansen i eit stemne i Brussel.

Gjennom sin spurtstyrke lukkast Baala i 2006 å forsvare EM-tittelen på 1500 m. Nett som under sommar-OL åtte år tidlegare, passerte Baala målstreken som fjerdemann då dei olympiske sommarleikane 2008 vart avvikla i Beijing. Men då vinnaren av løpet vart diska for bruk av dopingmidlar, rykte Baala opp til bronseplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Nr 4 på 1500 m – 3.34,1 VM 2001 i Edmonton: Nr 12 på 1500 m– 3.55,3 EM 2002 i München: Gullmedalje på 1500 meter – 3.45,25, framom Reyes Estévez (3.45,25) VM 2003 i Paris: Sølvmedalje på 1500 meter – 3.32,3, bakom Hicham El Guerrouj (3.31,7) OL 2004 i Aten: Utslått i forsøket på 1500 m (3.46,0 =nr 30) VM 2005 i Helsinki: Nr 6 på 800 m – 1.45,32. Utslått i semifinalane på 1500 m (3.41,3 =nr 19) EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje på 1500 meter – 3.39,0, framom Ivan Hesjko (3.39,5) VM 2007 i Osaka: Diskvalifisert i semifinalane på 1500 m (=nr 24) OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje på 1500 meter – 3.34,21, bakom Nicolas Willis (3.34,16) VM 2009 i Berlin: Nr 7 på 1500 m – 3.36,9 VM 2011 i Daegu: Nr 9 på 1500 m – 3.37,4

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mehdi Baala» frå , den 17. juli 2017.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Franske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008