Sverre Johan Juvik () var ein norsk arbeidar og politikar frå Hemnes i Nordland. Han representerte Sogn og Fjordane og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1969 til -77.
Juvik var son til ein småbrukar og skogvaktar. Han arbeidde ved Hemnes sagbruk & høvleri frå 1937 til 1950, med unnatak for 1944-46 då han gjekk Hemnes Folkehøgskule. I 1950 flytta han til Årdal i Sogn og var tilsett i Årdal og Sunndal Verk til 1983, frå 1959 som arbeidsleiar.
Juvik engasjerte seg fagpolitisk og var formann 1946-48 i Hemnes høvleriarbeiderforening og 1951-58 i Årdal kjemiske fagforening, landsstyremedlem 1956-59 i Norsk kjemisk industriarbeiderforbund 1956-1959 og formann i Årdal samorganisasjon 1961-69.
Frå 1952 til -59 var Juvik medlem i heradsstyret i Årdal. Hausten 1969 var han fyrstekandidat for Sogn og Fjordane Arbeidarparti ved stortingsvalet, noko som i realiteten sikra stortingsplass, og han vart attvald i 1973. Alle åtte åra på Stortinget var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen.
Valperioden 1980-83 var Juvik med i formannskapet i Årdal. Han flytta i 1983 tilbake til Hemnes.
Kjelder
Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Folk frå Hemnes Kategori:Folk frå Årdal