Denia Caballero Ponce () er ein kubansk friidrettsutøvar som vart verdsmeister i diskoskasting i 2015 og bronsemedaljen i øvinga ved OL 2016 og sølvmedaljen i VM 2019.

Aktiv Caballero sette personleg rekord med eit kast på 65,60 m i mars 2012, men mislukkast i kvalifiseringa under Sommar-OL 2012. Sommaren 2015 kasta ho livsbeste 70,65 meter ved eit stemne i Bilbao i juni. I juli månad vann ho diskos i dei panamerikanske leikane i Toronto med eit bestekast på 65,39 m, 40 centimeter framom si eiga landskvinne, Yaime Pérez. Vel ein månad seinare smelte Caballero til med heile 69,28 m i fyrste omgang under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing, noko som gav henne gullmedaljen nærare to meter framom favoritten Sandra Perković. Året etter sikra ho seg bronsemedaljen under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro. I verdsmeisterskapen 2019 syrgde Pérez og Caballero for kubansk dobbeltsiger i kvinnene si diskos-tevling, Pérez sigra med ein margin på 73 centimeter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2011 i Daegu: Nr 9 - 60,73 m OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (58,78 m =nr 27) VM 2013 i Moskva: Nr 8 - 62,80 m VM 2015 i Beijing: Gullmedalje - 69,28 m, framom Sandra Perković (67,39 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje - 65,34 m VM 2017 i London: Nr 5 - 64,37 m VM 2019 i Doha: Sølvmedalje - 68,44 m, bakom Yaime Pérez (69,17 m) OL i 2021 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (57,96 m =nr 23)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Denia Caballero» frå , den 23. juli 2017.

World Athletics

Kategori:Cubanske diskoskastarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Cuba Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020