Michael Lawrence Marsh () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Los Angeles som vart olympisk meister på 200 meter i 1992 og samstundes vann OL-gull i 4 x 100 m stafett.
Aktiv Marsh fekk sin internasjonale meisterskapsdebut då han sprang ein etappe på USA sitt stafettlag i forsøket på 4 x 100 m under friidretts-VM i Tokyo. I OL-sesongen 1992 sette han personleg rekord på 100 meter med 9,93 sekundar i Walnut, men enda på fjerdeplassen på distansen i det nasjonale OL-uttaket. På 200 m vart han andremann etter Michael Johnson. På plass i Barcelona imponerte Marsh kolossalt i sitt semifinaleheat og vann suverent på tida 19,73 sekundar, eitt hundredels sekund bakom verdsrekorden til Pietro Mennea. Og då Michael Johnson overraskande rauk ut i det andre semifinaleheatet, låg vegen open for Marsh. I OL-finalen var Marsh atter best, med tida tida 20,01 slo han sølvmedaljøren Frankie Fredericks med 0,12 sekund, dei andre finalistane kom langt bak. Tre dagar etter triumfen på 200 m sprang Marsh den fyrste etappen då han saman med Leroy Burrell, Dennis Mitchell og Carl Lewis vann gull og sette verdsrekord i 4 x 100 meter stafett med 37,40 sekund.
Så vel som i 1993, 1995 og 1997 tok Marsh seg til ein VM-finale på ein av sprintdistansane, det vere seg 200 m i 1993 og 100 m i 1995 og 1997. Frå alle desse tre meisterskapane reiste han likevel medaljelaus. Under OL 1996 i Atlanta kvalifiserte han seg til finalen både på 100 m og 200 m, også etter begge desse øvingane stod han att utan medalje. Han fekk likevel ein medalje i Atlanta, ettersom han sprang den tredje etappen for USA sitt sølvmannskap i 4 x 100 m stafett.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1992 i Barcelona: Gull på 200 m – 20,01, og i 4 x 100 m stafett (37,40) VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 på 200 m – 20,18 VM 1995 i Göteborg: Nr 5 på 100 m – 10,10 OL 1996 i Atlanta: Nr 5 på 100 m – 10,00, nr 8 på 200 m – 20,48. Sølv i 4 x 100 m stafett (38,05) VM 1997 i Aten: Nr 8 på 100 m – 10,29
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Michael Marsh» frå , den 5. august 2017.
World Athletics
Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996