1965 var eit år i 1960-åra.

Hendingar

Utlandet mini|Amerikanske bombefly over Vietnam. 1. februar: Martin Luther King jr. og 300 andre menneskerettsforkjemparar blei arresterte i Alabama i USA 18. februar: Gambia vann sjølvstende frå Storbritannia. 2. mars: I Vietnamkrigen innleia USA regulære krigshandlingar mot Nord-Vietnam med massiv bombing av militære mål. 18. mars: Den sovjetiske kosmonauten Aleksej Leonov gjennomførte som den første ein gåtur i verdsrommet. 12. mai: Ein syklon herja Aust-Pakistan (dagens Bangladesh). 12 000 blei drepne og over 5 millionar huslause. 26. mai: Det amerikanske senatet vedtok røysterett for alle borgarar, uansett rase. 19. juni: Houari Boumedienne tok makta ved statskupp i Algerie. 26. juli: Maldivane fekk sjølvstende 2. september: Pakistanste styrkar gjekk inn i indisk-kontrollert Kashmir. 6. september: Indiske styrkar marsjerte mot Lahore. Pakistan erklærte krig mot India. 22. september: Pakistan og India blei einige om våpenkvile. 25. november: Joseph-Désiré Mobutu tok makta ved statskupp i Kongo. 11. november: Sør-Rhodesia erklærte sjølvstende frå Storbritannia. Landet blei anerkjend som Zimbabwe i 1980 15. desember: Ein ny syklon ramma Aust-Pakistan. 10 000 døydde. 30. desember: Ferdinand Marcos blei president av Filippinane.

Noreg 10. mars: Ei avtale vart inngått mellom Noreg og Storbritannia om deling av kontinentalsokkelen i Nordsjøen. Sokkelen skulle delast etter ei line midt mellom landa, det såkalla midtlineprinsippet. 19. mars: «Loven om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner» (Militærnekterloven) blei vedteken. 5. juni: Dei første nordnorske festspela opna i Harstad. 21. juni: Stortinget vedtok lov om folkepensjon 3. august: Eit måleri av Kjartan Slettemark med brodd mot den amerikanske krigføringa i Vietnam blei angripen av ein mann med øks i Oslo. 18. august: Fyrste konsesjonsrunde for norsk kontinentalsokkel. 22 utvinningsløyver for utvinning av petroleum på norsk kontinentalsokkel vart tildelt. 13. september: Stortingsvalet gav borgarleg fleirtal. 12. oktober: Bortenregjeringa vart danna. Den første ikkje-sosialistiskee regjeringa etter andre verdskrig vart danna av Sp, H, Krf og V med Senterpartileiaren Per Borten som statsminister.

Fødde mini|Joanne Rowling vart fødd 31. juli

15. januar: Karita Bekkemellem, norsk politikar 3. februar: Marjo Matikainen-Kallström, finsk langrennar og politikar 25. mars: Stefka Kostadinova, bulgarsk friidrettsutøvar 6. mai: Jan Tore Sanner, norsk politikar 1. juni: Larisa Lazutina, russisk langrennar 6. juni: Erik Fosnes Hansen, norsk forfattar 17. juni: Dan Jansen, USA-amerikansk skeiseløpar 1. juli: Harald Zwart, norsk filmregissør 24. juli: Merete Morken Andersen, norsk forfattar 31. juli: J.K. Rowling, britisk forfattar 4. august: Fredrik Reinfeldt, svensk statsminister 27. august: André N. Skjelstad, norsk politikar 28.: Olav Akselsen, norsk politikar 11. september: Bashar al-Assad, syrisk president 14. september: Dmitrij Medvedev, russisk president 25. september: Børge Brende, norsk politikar 21. november: Björk, islandsk musikar 3. desember: Katarina Witt, tysk skeiseløpar

Døde

mini|Malcolm X. 4. januar: T.S. Eliot, britisk forfattar 11. januar: Arne Bjørndal, norsk kulturhistorikar 24. januar: Winston Churchill, britisk politikar og nobelprisvinnar 1. februar: Johan Scharffenberg, norsk psykiater og politikar 21. februar: Malcolm X, amerikansk afro-amerikansk aktivist (drepen) 3. mars: Per Krohg, norsk målar 3. juni: Hjalmar Riiser-Larsen, norsk offiser i Luftforsvaret 12. juni: Edgar B. Schieldrop, norsk ingeniør 19. juli: Rhee Syngman, koreansk statsleiar 6. august: Aksel Sandemose, norsk forfattar 27. august: Le Corbusier, sveitsisk arkitekt 10. desember: Lars Christensen, norsk skipsreiar 12. desember: Halvdan Koht, norsk professor og politikar 13. desember: Jens Hundseid, norsk politikar og statsminister 16. desember: Somerset Maugham, britisk forfattar 28. desember: Aslaug Vaa, norsk forfattar