Pierre-Ambroise Bosse () er ein fransk friidrettsutøvar frå Nantes som vart verdsmeister på 800 meter under Friidretts-VM 2017 i London og vann bronsemedaljen på same distansen ved europameisterkapane 2012 og 2018. Hans personlege rekord på 1.42,53 vart oppnådd i 2014.
Aktiv Sommaren 2013 sette han personbeste 1.43,76 på 800 meter då han vart andremann i GL-stemnet i Monaco. Nøyaktig eitt år seinare, 18. juli 2014, presterte han livsbeste 1.42,53 i Monaco-stemnet 2014, like bak Nijel Amos frå Botswana. I OL-finalen 2016 i Rio de Janeiro kom han på fjerdeplass med årsbeste 1.43,41. Bosse overraska stort og vann gullmedaljen på 800 meter ved verdsmeisterskapen 2017, eit løp som lenge gjekk i moderat fart. Året etter kneip han bronsemedalje i europameisterskapen i Berlin, nok ein gong i eit løp som vart gjennomført i ganske lågt tempo. Bosse la opp etter 2022-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2012 i Helsinki: Bronsemedalje – 1.48,83 OL 2012 i London: Utslått i semifinalane (1.45,10=nr 11) VM 2013 i Moskva: Nr 7 – 1,44,79 EM 2014 i Zürich: Nr 8 – 1.46,55 VM 2015 i Beijing: Nr 5 – 1.46,63 EM 2016 i Amsterdam: Nr 5 – 1.45,79 OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 4 – 1.43,41 VM 2017 i London: Gullmedalje – 1.44,67, framom Adam Kzsczot (1.44,95) EM 2018 i Berlin: Bronsemedalje – 1.45,30 VM 2019 i Doha: Utslått i semifinalane (1.47,60=nr 22) OL i 2021 i Tokyo: Utslått i semifinalane (1.48,62=nr 22)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pierre-Ambroise Bosse» frå , den 10. august 2017.
Bakgrunnsstoff
World Athletics
Kategori:Franske mellomdistanseløparar Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Folk frå Nantes