Helena Fibingerová () er ein tsjekkisk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister i kulestøyt i 1983 og elles sikra seg tre EM-medaljar og ein OL-bronse i øvinga i tida 1974-82. Ho representerte Tsjekkoslovakia.
Aktiv Fibingerová forbetra seg kolossalt i OL-sesongen 1972 og tok steget opp i verdseliten med eit støyt på 19,18 m, og ho vart nummer sju i kuletevlinga under sommarleikane i München. Både i 1973 og -74 vann ho kuletevlinga i innandørs-EM. Etter ho tok bronsemedaljen i EM 1974 i Roma, reiste ho heim til Tsjekkia og sette verdsrekord med 21,57 m i Gottwaldov den 21. september.
Også frå Sommar-OL 1976 reiste Fibingerová heim med ein bronsemedalje. Åtte veker etter OL-finalen forbetra ho verdsrekorden i kulestøyt til 21,99 m, ti centimeter lengre enn rekorden Ivanka Khristova presterte tidleg i juli. Vinteren 1977 støytte ho 22,50 m i eit innandørsstemne, tidenes lengste støyt innomhus. Både i 1977 og -78 vann Fibingerová EM innandørs. Mellom dei to innandørsmeisterskapane forbetra ho sin eigen verdsrekord i kulestøyting til 22,32 meter den 20. august 1977 i Nitra. Verdsrekorden heldt seg til austtyske Ilona Slupianek nådde 22,36 m i mai 1980.
Fibingerová heldt i 1980 fram med å sanke gull i innandørs-EM. Ho tok då sin femte siger, seinare vann ho også i 1983, -84 og -85 og stod såleis att med heile åtte triumfar i innandørs europameisterskap, meisterskap med varierande deltaking.
Både under EM 1978 i Praha og EM 1982 i Aten måtte Fibingerová nøye seg med sølvmedalje, begge klart slått av Ilona Slupianek. Fyrst ved verdsmeisterskapen 1983 i Helsinki lukkast ho vinne ein av dei aller største meisterskapane.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1972 i München: Nr 7 – 18,81 m EM 1974 i Roma: Bronsemedalje – 20,33 m, bakom Marianne Adam (20,43 m) OL 1976 i Montreal: Bronsemedalje – 20,67 m, framom Marianne Adam (20,55 m) EM 1978 i Praha: Sølvmedalje – 20,86 m, bakom Ilona Slupianek (21,41 m) EM 1982 i Aten: Sølvmedalje – 20,94 m, bakom bakom Ilona Slupianek (21,59 m) VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje 21,05 m, framom Helma Knorschneidt (20,70 m) EM 1986 i Stuttgart: Nr 10 – 18,48 m VM 1987 i Roma: Nr 8 – 20,29 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Helena Fibingerová» frå , den 17. august 2017.
World Athletics
Kategori:Tsjekkiske friidrettsutøvarar Kategori:Tsjekkoslovakiske friidrettsutøvarar Kategori:Kulestøytarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976