«Before the Next Teardrop Falls» er ein amerikansk country- og popsong skriven av Vivian Keith og Ben Peters, og mest kjend i ein versjon av Freddy Fender.

Songhistorie Songen vart skriven i 1967 og er blitt spelt inn mange gonger. Songen fekk ein viss suksess med forskjellige artistar. Den første versjonen av Duane Dee nådde 44. plassen på Billboard si countryliste tidleg i 1968, og Linda Martell sin versjon nådde 33. plassen tidleg i 1970. Jerry Lee Lewis spelte inn ein versjon av songen i 1969 for albumet Another Place Another Time.

I 1974 møtte produsenten Huey P. Meaux Fender for å spørre han om å legge vokal på eit instrumentalt spor. Fender gjekk med på det og song songen på to språk - første halvdelen av songen var på engesk, og den andre var på spansk.

«Innspelinga tok berre nokre minutt», sa Fender ein gong i eit intervju. «Eg var glad for å bli ferdig med han og tenkte det ville bli det siste eg høyrte til det.»

Men «Before the Next Teardrop Falls» tok raskt av då han kom ut i januar 1975. Songen gjekk til topps på Billboard Hot Country Singles-lista i mars og låg to veker på toppen. Deretter vart songen plukka opp av Topp 40-stasjonane og ikkje lenger etter låg singelen på toppen av Billboard Hot 100. Billboard rangerte songen som den fjerde beste for 1975.

«Before The Next Teardrop Falls» selde til gullplate for ein million selde eksemplar i USA hos Recording Industry Association of America. Songen vart òg kåra til årets singel av Country Music Association i 1975, og var sterkt medverkande til at Fender vann prisen for årets album og årets mannelege vokalist.

Songen vart nytta i filmen The Three Burials of Melquiades Estrada (2005) regissert av Tommy Lee Jones, som sjølv spelte hovudrolla.

Andre versjonar Dolly Parton spelte seinare inn songen for albumet Treasures i 1996. Parton hadde med seg vokal av David Hidalgo, som song den spanske teksten.

Salslister Liste (1975)PlasseringCanadian RPM Adult Contemporary Tracks18Canadian RPM Top Singles6Canadian RPM Country Tracks1U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Singles19U.S. Billboard Hot Country Singles1U.S. Billboard Hot 1001Australian Kent Music Report1New Zealand Singles Chart2Nederlandsk Topp 406

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Before the Next Teardrop Falls (song)» frå , den 23. august 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Dot Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Ben Peters Kategori:Freddy Fender-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:Songar produserte av Huey P. Meaux Kategori:Debutsinglar frå 1975 Kategori:Dottie West-songar Kategori:Charley Pride-songar Kategori:Conway Twitty-songar Kategori:Loretta Lynn-songar Kategori:Ray Conniff-songar Kategori:Vera Lynn-songar Kategori:Brenda Lee-songar Kategori:Dolly Parton-songar Kategori:Texas Tornados-songar Kategori:Joe Secada-songar Kategori:Wanda Jackson-songar Kategori:Songar om gråting