Odd Arthur Lien () var ein norsk redaktør og politikar, fødd i Oslo. Han representerte Vest-Agder og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1973-81.
Lien var son til ein skogsarbeidar/underoffiser. Frå han var 15 til 25 år gammal arbeidde han i ein skofabrikk i Halden. Samstundes gjekk han teknisk kveldsskule i fleire år og 1936-38 gjekk han handelsskule.
Frå sommaren 1940 var Lien aktiv i motstandsarbeidet som flyktninglos og kurér. Seint same året vart han arrestert og sat fengsla resten av krigen. Etter frigjeringa var Lien journalist i Halden Arbeiderblad til 1947, der etter redaktør i Rana Blad frå 1947 til -49. Sidan arbeidde han som journalist i avisa Sørlandet, frå 1956 til 1977 var han redaktør i avisa.
Lien var medlem av formannskapet i Halden 1945-47 og i Kristiansand 1952-64. Ved stortingsvalet 1973 vart han vald inn på Stortinget frå Vest-Agder, attvald fire år seinare. Leiinga i Arbeidarpartiet gav han plass i Utanriks- og konstitusjonskomiteen, der han vart verande alle åtte stortingsåra. Odd Lien var formann i Venner av Israel i Norsk Arbeiderbevegelse (VINA).
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Norske konsentrasjonsleirfangar under andre verdskrigen Kategori:Deltakarmedaljen Kategori:Norske redaktørar Kategori:Ap-politikarar i Østfold Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Lokalpolitikarar i Halden Kategori:Lokalpolitikarar i Kristiansand Kategori:Ap-politikarar i Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk frå Kristiansand