Anno museum, tidlegare Hedmark fylkesmuseum, er eit norsk museum stifta i 2009 som ei konsolidering av fleire store og små museum i Hedmark. Administrasjonen har tilhald i Elverum.
Samla utgjer uteareala til museet det største friluftsmuseet i Noreg, og omfattar den største samlinga av antikvariske bygningar i Noreg. Rundt 250 000 folk vitjar avdelingane til museet årleg. Museet står for 125 årsverk og har ei samling på kring 170 000 gjenstandar, kring 500 kulturhistoriske bygningar og kring 4,3 millionar fotografi. Ein del av desse er tilgjengelege i DigitaltMuseum.
Historie Museet vart skipa i 2009 ved at fleire store og små museum kringom i heile Hedmark vart slegne saman som Hedmark fylkesmuseum AS, som i 2014 endra namnet til Anno museum AS.
Museet er organisert som eit aksjeselskap der Hedmark fylkeskommune er største aksjonæren med 35 % av aksjane, medan dei ulike stiftingane som eig dei einskilde musea som no har vorte avdelingar av Anno museum, har aksjepostar av ulike storleikar i selskapet.
Museumsavdelingar Blokkodden villmarksmuseum Domkirkeodden Glomdalsmuseet Kongsvinger museum Kvinnemuseet Musea i Nord-Østerdalen Norsk Skogmuseum Norsk utvandrermuseum Odalstune Sørlistøa fløtermuseum Trysil bygdeturn
Einingar som er eller har vore med i Anno museum Norsk skogmuseum, Glomdalsmuseet, Domkirkeodden, Kirsten Flagstad Museum i Hamar, Kongsvinger museum, Kvinnemuseet, Migrasjonsmuseet, Trysil Engerdal museum og Musea i Nord-Østerdalen (på Ramsmoen), Blokkodden villmarksmuseum, Dølmotunet, Eidskog museum, Husantunet, Klevfos industrimuseum, Odalstunet, Oddentunet, Rendalen bygdemuseum, Sagstua skolemuseum, Skinnarbøl skolemuseum, Skålbergsætra, Sørlistøa Fløtermuseum, Trysil bygdetun, Tylldalen bygdetun, Tynset bygdemuseum, Uppigard Streitlien og Aamodtgården.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Museum i Innlandet Kategori:Skipingar i 2009 Kategori:Kulturhistoriske museum i Noreg