Ovis er ei dyreslekt som omfattar tamsau og ulike villsauar.
Slekta er ein type sosiale kvegdyr som tygg drøv. Dei har tett bygnad og har ofte horn som veks frå kvarandre og krøller seg til ein spiral. Dei har luktkjertlar på fjesa og føtene. Korleis desse verker er ikkje heilt utforska, men verar kan lukta om søyer er klare til å para seg, og markerer territorium ved å leggja lukt på steinar.
Tamsauen høyrer til slekta. Ein trur at han opphavleg stammar frå vill muflon frå Sentral- og Sørvest-Asia.
Artar Taksonomar reknar i dag med at det finst seks artar og talrike underartar. Nokre av desse underartane er også blitt rekna som eigne artar.
Ovis ammon Argalisau Ovis ariesICZN (International Commission on Zoological Nomenclature) Opinion 2027 Sau (tamsau) Ovis orientalis Muflon Ovis orientalis vignei Urialsau Ovis canadensis Tjukkhornsau Ovis dalli Tynnhornsau Ovis nivicola Snøsau
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ovis» frå , den 2. september 2017. oppgav desse kjeldene: Bulanskey, S. 1992. The Covenant of the Wild. New York: William Morrow and Company, Inc. Parker, D. 2001. The Sheep Book. Athens, Ohio, USA : Swallow Press / Ohio University Press Bakgrunnsstoff Miller, S. 1998. "Sheep and Goats". United States Department of Agriculture, Foreign Agricultural Service Oklahoma State University (OSU). 2003 Breeds of Livestock: Sheep Huffman, B. 2006. The Ultimate Ungulate Page Website
Kategori:Klauvdyr Kategori:Sauer og geiter Kategori:Dyreslekter