Spittal an der Drau er ein by og ein kommune i forbundslandet Kärnten i Austerrike som òg er forvaltningssete for Distriktet Spittal an der Drau. Kommunen har ei flatevidd på 48,6 km² og i kring 15 500 ibuarar. Spittal er den tredje mest folkerike byen i Kärnten. Han ligg 560 meter over havet der elva Lieser renn ut i Drau.

Byen har namn etter eit hospital som vart grunnlagd her i 1191. Hospitalet skulle sørgje om pilegrimane som kom over fjellovergangane Katschberg og Radstädter Tauern på reise til eller fra Salzburg.

Skihopparen Thomas Morgenstern er frå Spittal.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Spittal an der Drau» frå , den 1. september 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Kärnten Kategori:Kommunar i Kärnten