Al Budaiya (arabisk البديع) er ein kystby nordvest på Bahrainøya i Nordguvernementet i Bahrain. Nabolandsbyane er Diraz og Bani Jamra.

Budaiya er det mest frodige området i landet med kunstig vatning frå store ferskvasskjelder og vassførande sjikt. Dei fleste gardane i landet ligg her. Byen er endestad langs Budaiya-vegen, som går til Manama. Regionane på kvar side av vegen vert kalla Budaiya.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Budaiya» frå , den 2. september 2017. oppgav desse kjeldene: Fuad Ishaq Khuri (1980). Tribe and state in Bahrain: The transformation of social and political authority in an Arab state. ISBN 0-226-43473-7

Budaiya Kategori:Kystbusetnader i Bahrain