Warbah (arabisk جزيرة وربة) er ei øy som høyrer til Kuwait i Persiabukta, nær munningen til Eufrat. Ho ligg kring 100 meter aust for det kuwaitiske fastlandet, 1,5 km nord for Bubiyan og 1 km sør for det irakiske fastlandet. Øya er kring 15 km lang og 5 km brei med eit eral på kring 37 km². Ho er hovudsakleg ei stor slamflate.

Warbah har ikkje fastbuande, men staten har ein kystvaktpost kalla M-1 på øya, delvis finansiert av Dei sameinte nasjonane.

I november 1994 akspeterte Irak formelt den SN-teikna grensa mot Kuwait, og dette enda formelt eit tidlegare krav på Warbah.

Tidleg i desember 2002, i opptakten til invasjonen av Irak i 2003, opna eit irakisk skip eld mot to kuwaitiske kystvaktpatruljar nær øya, slik at dei kolliderte. Ein amerikansk tenestemann og to kuwaitiske menn i kystvakta vart skadde i åtaket.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Warbah Island» frå , den 5. september 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Kuwait Kategori:Omstridde område i Persiabukta Kategori:Omstridde område i Irak Kategori:Omstridde område i Kuwait Kategori:Den irakisk-kuwaitiske grensa