Umm al Maradim (arabisk جزيرة ام المرادم) er ei øy heilt sør i farvatnet til Kuwait, nær grensa til Saudi-Arabia.

Umm Al-Maradim er omgjeven av djupt nok vatn til at skip kan leggje til kai direkte ved øya, noko som ikkje går for dei fleste andre øyane i Kuwait. Ho er 1,5 km lang og 540 meter brei, med eit areal på kring 65 hektar. Øya er ovalforma med ei sandkappe. Perleøsters ynglar kring øya. Tidlegare for båtar ut for å dykke etter perler om morgonen og kom attende om kvelden ved denne øya. Øya var derfor tidlegare full av skipsmannskap, dykkarar og perlehandlarar som kom for å kjøpe perler direkte frå skipskapteinane.

Umm Al-Maradim var den første øya i Kuwait som vart frigjort frå invasjonen av Kuwait i 1991.

Øya er vanlegvis full av trekkfugl og fastbuande fugl, som måse og flamingo. I regntida er øya grøn. Ho er ikkje busett utanom nokre offentlege byggverk som eit fyr og ein politistasjon.http://www.crsk.edu.kw/ShowBigPhotopop.asp;AlbumID=248

Sjå òg Bubiyan

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Umm al Maradim Island» frå , den 5. september 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Kuwait