Berhane Adere () er ein etiopisk tidlegare langdistanseløpar som vart verdsmeister på 10 000 meter i 2003 og elles vann to VM-sølv på same distansen.
Aktiv Etter fire sesongar med gode internasjonale resultat lukkast Adere i 2001 vinne ein medalje i eit stort meisterskap. Under VM 2001 i Edmonton tok ho sølvmedaljen på 10 000 meter, fattige fire hundredels sekund bakom landskvinna Derartu Tulu. Året etter vann Adere gull på 5 000 meter i afrikameisterskapen og i halvmaraton.
2003-sesongen innleia Adere med å verte innandørs verdsmeister på 3000 meter. Den 27. juni presterte ho råsterke 14.29,3 på 5 000 meter i Oslo. Høgdepunkt kom likevel under VM 2003 i Paris med siger på 10 000 meter. Vinnartida 30.04,1 var etiopisk rekord inntil Tirunesh Dibaba slo rekorden i 2008. I friidretts-VM 2005 i Helsinki sikra Adere seg ein ny sølvmedalje på 10 000 meter, bakom nemnde Dibaba.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa på 10 000 meter (33.20,6) VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa på 10 000 meter (33.14,7) OL 1996 i Atlanta: Nr 18 – 32.57,3 VM 1997 i Aten: Nr 4 – 31.48,9 VM 1999 i Sevilla: Nr 7 – 31.32,5 OL 2000 i Sydney: Nr 12 – 31.40,5 VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje på 10000 m – 31.48,85, bakom Derartu Tulu (31.48,81) VM 2003 i Paris: Gullmedalje på 10000 m – 30.04,1, nr 10 på 5000 m – 14.58,0 VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje på 10000 m – 30.25,4, bakom Tirunesh Dibaba (30.24,0) OL 2008 i Beijing: Braut maratonløpet
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Berhane Adere» frå , den 9. september 2017.
World Athletics
Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Etiopia Kategori:Afrikameistrar i friidrett Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008