Sawasjøen (arabisk بحيرة ساوة) er ein endorheisk innsjø i Muthanna guvernement nær Eufrat i Irak. Han ligg 23 km vest for Al-Samawa. Innsjøen har ingen tilsig eller utsig, men får vatn frå Eufrat gjennom eit system av sprekker som transporter vatn under bakken. Vassnivået varierer frå tørke- til regntidene. Innsjøen tørkar ikkje inn, fordi det er likevekt mellom vasstilførselen og fordampinga.
April 2022 hadde innsjøen tørka bort.«Innsjøene forsvinner: - Vi har mistet alt», Dagbladet, 22. mai 2022
Skildring Sawasjøen er ein unik innsjø i Irak og blant innsjøane med høgast saltinnhald i Irak. Innsjøen har ei langstrekt form og er 4,47 km lang og 1,77 km brei. Det er fleire rare faktorar med innsjøen. Ein av dei er at vassflata ligg 1-4 høgare enn det meste av landområdet rundt, og sjølv 5–7 m høgare enn Eufat som renn i nærleiken. Ein gipsformasjon ligg kring innsjøen og somme stader er formasjonen seks meter høg. Formasjonane er blitt danna av fordamping av det salte vatnet og saltsediment som er avsett på overflata.
Dyre- og planteliv På grunn av det salte vatnet, veks det ikkje planter i eller nær innsjøen. I sjøen lever det algar og ein fiskeart, arabisk tannkarpe. Det er mykje fugl rundt innsjøen, 25 artar med fastbuande og trekkfuglar er obsertvert i og kring innsjøen. Innsjøen har stort sett vadefugl som ender og sothøner.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sawa lake» frå , den 11. september 2017. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Endorheiske innsjøar i Asia Kategori:Saltsjøar Kategori:Innsjøar i Irak