mini| Modum prestegard eller Heggen prestegard ligg nordvest for Heggen kyrkje i Modum.
Som kyrkja har prestegarden ei historie som strekkjer seg attende til mellomalderen, men bygningsmassen har variert gjennom tidene.
Hovudbygningen er eit laftebygg i to etasjar med saltak. Ein trur at nordre del er frå tidleg 1800-tal, men bygget fekk si noverende form ved ei ombygging i 1862, og fekk då det utkraga taket. Forpaktarbustaden (tidlegare borgstove eller herrekammerbygning) kan sporast attende til 1760. Desse to og eit stabbur i to etasjar er freda.
Prestegarden og miljøet rundt kyrkja vert rekna for å ha høg verdi som kyrkjeleg kulturminne.Buskerud fylkeskommune: Fagrapport for arkeologiske kulturminner og kulturmiljøer – Modum kommune, s. 79.
Fotnotar
Kjelder Opplysningsvesenets fond
Bakgrunnsstoff Terra Buskerud
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Modum Kategori:Byggverk i Modum Kategori:Gardar i Buskerud Kategori:Freda bygg i Buskerud