mini|Tellnes ilmenitt-dagbrot.

Titania A/S er eit norsk bergverk som hovudsakleg er basert på eit dagbrot på Tellnes i Sokndal ved Jøssingfjord i Rogaland. Dette er verdas største ilmenittførekomst med reservar på 400 millionar tonn. Titania står for ti prosent av ilmenittproduksjonen i verda.

Aktieselskabet Titania blei registrert i Kristiania handelsregister den 29. april 1902. Professor Peder Farup fekk norsk patent på framstilling av eit titanhaldig fargestoff i 1909. Saman med dr. Gustav Jebsen utvikla han dei følgjande åra metodar for industriell produksjon av titandioksid til pigment (titankvitt). I 1916 blei aksjemajoriteten overteken av Titan Co. A/S frå Fredrikstad, som ville sikra råstoff for eigen produksjon av titankvitt.Ivar Dybdahl, Titania A/S, i Bergverk 1975

Oppreiingsverket på Sandbekk stod ferdig i 1918-1919. I juni 1927 blei konsesjonen gjeven til amerikanske National Lead Co. for 99 år, og dei overtok eigarskapen av Titan A/S.Selskapet blei etterkvart Kronos Titan A/S, eigar av dette var NL Industries, Inc. Modernisering av drifta i 1935 auka produksjonskapasiteten til ca. 100 000 tonn ilmenittkonsentrat. Frå 1937 blei dette skipa frå Jøssingfjord, medan magnetittkonsentrat framleis blir skipa frå Rekefjord.

Tellnesanlegget starta 14. oktober 1960. Ilmenittsmelteverk i Tyssedal blei sett i drift i 1986.

Utvidingar av produksjonskapasiteten gav 500 000 tonn ilmenittkonsentrat i 1969, 650 000 tonn i 1970 og ein million tonn i 1973. Etter nye miljøkrav starta deponering av avgangsmassen på Dyngadjupet i 1977 og tyngdekraftseparasjonsanlegg starta i 1982.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Titania A/S» frå , den 13. september 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske industriselskap Kategori:Bergverk Kategori:Næringsliv i Rogaland Kategori:Sokndal kommune Kategori:Skipingar i 1902 Kategori:1902 i Noreg