Bagdad guvernement ( ) er hovudstadsguvernementet i Irak. Det omfattar byen Bagdad og det kringliggande storbyområdet. Guvernement er det minste av dei 18 guvernementa i Irak, men det mest folkerike med opp under 10 millionar innbyggjarar.

mini|venstre|Amerikanske og irakiske soldatar i Bagdad. Skildring Bagdad guvernement er eit av dei mest utvikla områda av Irak, med betre infrastruktur enn dei fleste andre stader i landet. Det vart sterkt øydelagd under den USA-leia invasjonen i 2003 og opplever framleis vald i dag. Det har eit av dei høgaste nivåa for terroritaktivet i verda med sjølvmordsbomboarar og dødsskvadronar i byen.

Bagdad har minst 12 bruer over Tigris som går mellom den austlege og vestlege delen av byen. Den nordaustlege delen av guvernementet omfattar fleire mesopotamiske myrer.

Sadr by er det tettast folkesette området i Irak.

Distrikt Abu Ghraib Adhamiyah Kadhimiya Karkh Karrada Al-Mada'in Mahmudiya Al-Rusafa Sadr by 1 Sadr by 2 Taji Al-Tarmia

Kommunar Adhamiyah Karkh Karadah Kadhimiya Mansour Sadr by Al Rashid Rusafa New Bagdad

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Baghdad Governorate» frå , den 13. september 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Guvernement i Irak *