Lade kyrkje er ei langkyrkje på Lade i Trondheim. Kyrkja er av stein og har 140 sitjeplassar.

Dagens kyrkje er frå noko før år 1200.Ifølgje Brendalsmo (2015) var ho ferdig bygd omkring 1160, medan Lademoen historielag seier ca. 1190. Før dette har det vore minst ei steinkyrkje og ei stavkyrkje på staden. Ein trur òg at kyrkja står i nærleiken av den gamle hovplassen på Lade. Mot slutten av 1600-talet vart mykje av murane teke ned og sett opp att,Brendalsmo (2015) m.fl. og årstalet 1694 er å sjå på sørmuren.

Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lade kirke» frå , den 14. september 2017.

Bakgrunnsstoff

Lademoen historielag om Lade kyrkje

Kategori:Kyrkjer i Nidaros Domprosti Kategori:Kyrkjer i Trondheim Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Kulturminne i Trondheim