Dohuk guvernement er eit guvernement i Irakisk Kurdistan. Det administrative senteret er Dohuk. Byen Zakho ligg i guvernementet, og denne har til forskjellige tider vore grenseovergang ved grensa til Tyrkia. Før 1976 var det ein del av Nineveh guvernement, som då vart kalla Mosul guvernement. Dohuk guvernement er hovudsakleg busett av kurdarar og assyrarar, med nokre få jesidiar og armenarar. Det estimerte folketalet i 2015 var 1,4 millionar innbyggjarar.
Distrikt Dohuk guvernement er delt inn i sju distrikt, og fire av desse er offisielt ein del av Kurdistan, medan dei tre andre i rønda vert kontrollert av styresmaktene i Kurdistan:
Amedi-distriktet Dohuk-distriktet Semel-distriktet Zakho-distriktet Akre-distriktet (de jure Nineveh guvernement) Shekhan-distriktet (de jure Nineveh guvernement) Sinjar-distriktet (de jure Nineveh guvernement)
Busetander Bamarne Araden Avzrog Badarash Bebadeyy Dehi Dawodiya Dohuk Gir-e Kumar Harmash Hezany Sarsink Sumail Zawita
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dohuk Governorate» frå , den 15. september 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Guvernement i Irak Kategori:Geografi i Irakisk Kurdistan Kategori:Øvre Mesopotamia Kategori:1976 i Irak