Hessdalen kyrkje er ei langkyrkje i Holtålen kommune i Trøndelag fylke. Kyrkja vart oppført på overgangen mellom 1930- og 1940-talet og formelt innvigd først i 1949.Bakås (1990), s. 9.
Byggverket er i tømmer og har 186 sitjeplassar.
Noko av inventaret er overteke frå Ålen stavkyrkje, som vart riven etter at dagens Ålen kyrkje stod klar. Det gjeld altartavla frå 1600-talet og preikestolen frå 1705.
Kyrkjegarden vart teken i bruk allereie i 1905, altså fleire tiår før kyrkja vart oppført.
Fotnotar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hessdalen kyrkje» frå , den 18. september 2017.
Bakgrunnsstoff Kyrkjesøk
Kategori:Kyrkjer i Holtålen Kategori:Norske kyrkjer frå 1949 Kategori:Kyrkjer i Gauldal prosti Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Kulturminne i Holtålen