mini|Frimerke frå Dominionen New Zealand frå 1909. Dominion (av engelsk, frå latin 'velde, herredøme') var opphavleg eit uttrykk for alle britiske besittelsar, men blei seinare brukt om dei heilt sjølvstyrte delane av Det britiske samveldet, i første rekke Canada.
Balfour-deklarasjonen av 1926 erklærte dominion som sjølvstyrande samfunn i Det britiske riket. Statute of Westminster 1931 gav dei fullt lovgjevande sjølvstende. I 1947 avgjorde den britiske regjeringa at dominionane skulle kallast Members of the Commonwealth eller Commonwealth Countries, og nemninga dominion er etterkvart gått ut av bruk.
Historie Frå 1500-talet var det vanleg å omtala eit særskild territorium som «dominion» på engelsk. Det blei brukt om Wales frå 1535 til 1801 og om New England frå 1686 til 1689. Den kanadiske konføderasjonen blei ein dominion i 1867.Merriam Webster's Dictionary (based on Collegiate vol., 11th ed.) 2006. Springfield, MA: Merriam-Webster, Inc. Etterkvart omfatta dominionane Canada, Australia, New Zealand, Newfoundland, Sør-Afrika og Den irske fristaten. Frå seint på 1940-talet var også India, Pakistan og Ceylon (no Sri Lanka) dominionar under den britiske krona.
Sjå òg Commonwealth
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dominion» frå , den 23. september 2017.
Kategori:Det britiske imperiet Kategori:Engelske ord og uttrykk Kategori:Latinske ord og uttrykk