Kjerstin Boge Solås () er ein norsk handballspelar frå Dale i Sunnfjord som sidan 2015 har spelt på Tertnes IL. Ho vart europameister med Noreg i 2016. I tida oktober-desember 2016 spelte ho 14 landskampar og skåra fire mål.
Solås spelte på heimlege Dale IL, før ho som 16-åring melde overgang og debuterte på nivå tre i norsk klubbhandball med Førde IL. Sommaren 2015 tok ho steget opp i toppserien då ho gjekk vidare til Tertnes IL.
Solås var med på det norske landslaget som vann Handball-EM 2016 i Sverige.
Merittar Handball-EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Folk frå Fjaler