Madlamark kyrkje er ei arbeidskyrkje i Stavanger i Rogaland fylke. Kyrkja er oppført i to byggetrinn med vigsling i 1976 og 1997.

Kyrkja har teglstein i fasaden. Ho har 600 sitjeplassar. Dette er prostikyrkja i Ytre Stavanger prosti.

Altartavle mini|venstre|Altarpartiet i Madlamark kyrkje Madlamark kyrkje har ei karakteristisk altartavle, «Korsportalen», eit kunstverk i form av eit altarbilete som dekkjer altarveggen. Verket var ferdig i 2003, og er laga av kunstnaren Ole Lislerud.

Verket er ein mosaikk som framstiller variantar av den greske krossen som dannar ein Y-kross, eit symbol for treeininga. Mosaikken er òg samansett av ulike bitar med tekst: tekster frå Bibelen og organisatoriske tekster frå livet i Madlamark kyrkjelyd. Bibeltekstene er på tre ulike språk: salme 61,3 på hebraisk, Matteus 3,16 på gresk og salme 11,4 på koptisk.

Kyrkjegard Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Madlamark kirke» frå , den 29. september 2017.

Bakgrunnsstoff Kyrkjesøk – Madlamark kirke Madlamark kyrkjelyd (offisiell side) Altertavla i Madlamark kirke. Kunstnerens orientering om symboler og farger i Korsportalen, Madlamark kyrkjelyd, 2003

Kategori:Kyrkjer i Stavanger Kategori:Kyrkjer i Ytre Stavanger prosti Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Norske kyrkjer frå 1976