mini|Øvre Telemark prosti (i raudt) i Telemark, grensene frå 2015. mini|Seljord kyrkje er prostikyrje. Øvre Telemark prosti (historisk Øvre Telemarken prosti) er eit tenestedistrikt i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Seljord.
Prostiet omfattar den historiske regionen Øvre Telemark og enkelte andre område som ligg i Agder og Telemark bispedømme. Historien til prostiet går attende til mellomalderen. Det oppstod att i 2015 som ei samanslåing av Aust-Telemark prosti og Vest-Telemark prosti. Det er satt saman av det historiske Øvre Telemark prosti og av nokre tidlegare prestegjeld i Midt-Telemark som historisk låg i Nedre Telemark prosti.
Øvre Telemark prosti omfatta ved opprettinga 12 av dagens 18 kommunar i Telemark og meir enn 80 % av arealet i fylket, og er eit av dei arealmessig største prosti i Noreg. Det hadde per 2015 30 sokn, 50 kyrkjer, 23 prestar og rundt 100 tilsette i fellesrådet. Prost var Asgeir Sele.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Øvre Telemark prosti» frå , den 4. oktober 2017, revisjon 17561479
Bakgrunnsstoff
Kategori:Prosti i Agder og Telemark bispedømme