mini|Utsyn frå Geiranger sentrum. Rett over flaggstanga midt på biletet, ser ein der tunet på Bringa var lokalisert, ved elva som renn ut i Geirangerfjorden.
mini|Husa på Bringa låg heilt nede ved fjorden, på høgre sida av Bringefossen på biletet. Bringa (dialektisk: bringå - bringinne) matrikkelgard nr 108 i Stranda kommune, er ein nedlagt gard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.
Om namnet: Oluf Rygh«Norske Gaardnavne» av Oluf Rygh (Oslo, Børsum, 1969) trur at namnet kan skrive seg frå det norrøne ordet bringa som tyder bringe eller bryst, på folk og fe. I overført tyding skildrar namnet eit breitt, framskytande fjell eller berg, noko som høver med naturtilhøva og plasseringa av dei opphavlege husa på garden.
Bringa er lokalisert ved sjøen på nordsida av Geirangerfjorden, om lag 5 km frå Geiranger sentrum. Husa på garden låg om lag 60 moh, ved Bringefossen (òg kalla Gomsdalsfossen). Garden var rekna som tungbrukt og utsett for stein- og jordskred. Næraste grannegarden er Knivsflå som ligg om lag 2 km lenger ute i fjorden.
Det er kjent at det budde folk på Bringa i 1645Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt (om Bringa: side 462-463) Stranda sogelag 1993. men både i 1724 og 1766Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 298 er garden oppført som øydegard. På byrjinga av 1800-talet kom der folk att og det er nemnt at dei kunne vinterfore 4-5 storfe og 30-40 geiter på garden. Bringe-Ragnhild (Ragnhild Isaksdatter 1811 -1876) var kjend for å vere ein meisterleg ølbryggjar. Ho døydde i 1876 «som følge av beskadigelse ved fald utfaar en bjergknat»Ministerialbok for Sunnylven prestegjeld Digitalarkivet.
Julenatta 1863 kom det eit stort jordras som gjorde stor skade på husa og der var ikkje buande for folk etter dette. Den siste brukaren var Martinus Sølfestsen (1852-1934) som selde bruket i 1878 til Gomsdal. Garden vart deretter nytta som beitområde ei tid. I dag er husa borte og berre nokre restar av husmurar viser kvar helst tunet ein gong låg.
Kjelder og utfyllande opplysningar Referansar
Bakgrunnsstoff
Bringa vest for elva Naturbase, Miljødirektoratet Bringa aust for elva Naturbase, Miljødirektoratet Verdsarv Vestnorsk fjordlandskap - innskrive på UNESCO si Verdsarvliste 14. juli 2005.
Kategori:Kulturminne i Stranda Kategori:Storfjorden på Sunnmøre Kategori:Gardar i Møre og Romsdal