Trond Ivar Johansen () var ein norsk etterretningsmann som var assisterande direktør i Forsvaret sin etterretningsstab. Han var ein sentral skikkelse i diskusjonen om og granskingane av dei løynlege tenestene i Noreg på 1970-, 1980- og 1990-talet.

Johansen var gift med Grethe Johansen, og var mellom anna leiar for Akershus Ap og medlem av Sentralstyret til Arbeidarpartiet. Sjølv melde han seg inn i Ap i 1960 og var i ein del år frå 1973 medlem av Sikkerheitspolitisk utval.

Bakgrunn Trond Johansen voks opp i fattige kår i Drammen og hadde inga formell utdanning.

Han byrja etterretningsarbeidet sitt for XU i Drammen under andre verdenskrigen. Han flykta til Sverige i mars 1945. Etter krigen vart Johansen henta rett inn i oppbygginga av Forsvarets etterretningsteneste.

Rolle i E-tenesta Johansen var leiar for den seksjon i etterretningsstaben som var ansvarleg for innsamling av såkalla menneskebasert etterretning (humint). I tenesteperioden var han underlagt følgjande sjefar: Vilhelm Evang, Johan Berg, Reidar Torp, Sven Hauge, Fredrik Bull-Hansen, Jan Ingebrigtsen, Egil Eikanger og til sist Olav Bjerke.

Johansen gjekk av med aldersgrensepensjon i mai 1994.

Listesaka I samband med Listesaka mot mellom anna Ivar Johansen i 1977 vart Johansen si rolle i norsk etterretningshistorie fyrst kjend for eit vidare publikum. Han skulle då ha freista hindra at Ivar Johansen gjekk til pressa med stoff om dei hemmelege tenestene, inkludert spionasje i Finland. Dette initiativet mislukkast, og Trond Johansen enda i staden opp som vitne i Listesaka.

Rolle i Arbeidarpartiet Trond Johansen var nær ven av tidlegare utanriksminister Knut Frydenlund i 30 år. Dei vart kjende då begge var stasjonerte i Vest-Tyskland på 1950-talet. Då Trond Johansen i 1973 kom inn i det utanrikspolitiske utvalet i Arbeiderpartiet, vart Frydenlund samstundes den førande personen i partiet i høve til tryggingsspolitikk.

Også den tidligare utanriksministeren Thorvald Stoltenberg var ein god ven av Johansen.

Sjå òg Lund-kommisjonen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trond Johansen (1924)» frå , den 13. oktober 2017.

Kategori:Arbeidarpartipolitikarar Kategori:Medlemmar av XU Kategori:Norsk etterretning Kategori:Folk frå Drammen Kategori:Folk frå den kalde krigen