Wilhelm Engel Bredal () var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant for Bondepartiet og landkrinsane i Østfold.

Bredal var son til grosserar Tollef Bredal frå Rygge/Oslo. Etter eksamen frå mellomskulen i 1922 og frå Vinterlandbruksskolen i Oslo 1926, lærde han i 1927 og 1928 jordbruk i høvesvis Tyskland og England. Åra 1929-30 var han gardsstyrar på Ringsaker i Hedmark. Frå 1931 var han forpaktar av garden til far sin, Fæste i Rygge, ein gard han tok over i 1938 og sidan dreiv.

Hausten 1945 vart Bredal vald til stortingsrepresentant frå Østfold, sidan attvald både i 1949 og 1953. Fram til 1949 var han medlem i Administrasjonskomiteen. Frå 1950 til 1957 hadde han plass i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Perioden 1947-51 var Bredal også heradsstyremedlem i Rygge.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk frå Rygge Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet