Ljøsura, matrikkelgard nr 125 i Stranda kommune, er ein øydegard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.
Om namnet: Oluf Rygh«Norske Gaardnavne» av O. Rygh (Oslo, Børsum, 1969) trur at namnet har samanheng med eit opphavleg namn på elva: Lysa eller Ljøselva.
Ljøsura ligg nær fjorden, på sørsida av Geirangerfjorden, om lag 2 km austanfor Syltavik og rett nedanfor LjøsurfossenLjosurfossen European waterfalls som har eit fall på 240 m. På motsett side av fjorden finn ein fossen Brudesløret og øydegarden Megardsplassen.
Stova på Ljøsura stod i livd av ein stor stein, om lag der det står ei fyrlykt i dag. Garden er tidlegast nemnt i skattematrikkelen for 1647Skattematrikkelen 1647 v/Norsk lokalhistorisk institutt (1995) med namn: Lyswhr. Omkring 1724 er han nemnt som ubrukt men i 1732 kom der folk att. I «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 290 (1766) er garden nemnt Lys-Uur og er oppført med éin «gaardmand». Dei siste brukarane flytta derifrå omkring 1830-1840 og sidan har garden vore øydebrukSunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt (om Ljøsura: side 583) Stranda sogelag 1993..
Det har gått fleire fjellskred på staden, både før 1720 og omkring 1830Ljosurdal og Ljosurd Skrednett NVE
Referansar
Bakgrunnsstoff
Verdsarv Vestnorsk fjordlandskap - innskrive på UNESCO si Verdsarvliste 14. juli 2005.
Kategori:Kulturminne i Stranda Kategori:Storfjorden på Sunnmøre Kategori:Gardar i Møre og Romsdal