Ewe er eit kwaspråk som blir snakka i Ghana og Togo av omtrent tre millionar menneske.Capo, Hounkpati B.C. (1991) A Comparative Phonology of Gbe, Publications in African Languages and Linguistics, 14. Berlin/New York: Foris Publications & Garome, Bénin: Labo Gbe (Int). Ewe er ein del av eit sprachbund av språk som også er i slekt, gbespråka, dei blir snakka i eit område frå aust i Ghana til vest i Nigeria. Andre gbespråk er mellom anna fon og aja. Ewe er, som andre gbespråk, eit tonespråk.
Ewe er eit av dei best dokumenterte språka i Afrika, delvis på grunn av arbeidet til Diedrich Hermann Westermann, som publiserte mange ordbøker og grammatikkar over ewe og fleire andre gbespråk. Andre lingvistar som har arbeidd med ewe er m.a. Gilbert Ansre (tone, syntaks), Hounkpati B. Capo (fonologi, fonetikk), Herbert Stahlke (morfologi, tone), Roberto Pazzi (antropologi, leksikografi), Felix K. Ameka (semantikk, kognitiv lingvistikk) og Alan Stewart Duthie (semantik, fonetikk).
Fonologi Konsonantar
BilabialLabiodentalAlveolarRetrofleksPalatalVelarLabiovelarGlottalPlosiv Affrikat Nasal Frikativ Approksimant Vokalar FremreBakreLukka , , Lukka midtre Open midtre , , Open ,
Skriftspråk
thumb|250px|Opprhavleg utbreiing for ewe og ein del andre språk i Vest-Afrika
Ewe blir skrive med det latinske alfabetet, med en del ekstrabokstavar, nokre av dei er henta frå det internasjonale fonetiske alfabetet. Skriftspråket vart innført rundt 1900 av dei tyske kolonimaktene.
A a B b D d Ɖ ɖ Dz dz E e Ɛ ɛ F f Ƒ ƒ G g Gb gb Ɣ ɣ H h I i K k Kp kp L l M m N n Ny ny Ŋ ŋ O o Ɔ ɔ P p R r S s T t Ts ts U u V v Ʋ ʋ W w X x Y y Z z
Ein tilde (˜) over vokalar markerer nasalisering. Tone er vanlegvis umarkert, bortsett frå i visse vanlege tilfelle som treng disambiguering, t.d. er første person plural pronoun mí 'vi' markert høg for å skilje det frå andre person plural mi 'de', og andre person singular pronoun wò 'du' er markert låg for å skilje det frå tredje person plural pronoun wo 'dei' ekpɔ wò — 'he saw you' ekpɔ wo — 'he saw them'
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ewe language» frå , den 14. april 2006.
Litteratur
Ansre, Gilbert (1961) The Tonal Structure of Ewe. MA Thesis, Kennedy School of Missions of Hartford Seminary Foundation. Ameka, Felix Kofi (2001) 'Ewe'. In Garry and Rubino (eds.), Fact About the World's Languages: An Encyclopedia of the World's Major Languages, Past and Present, 207-213. New York/Dublin: The H.W. Wilson Company. Capo, Hounkpati B.C. (1991) A Comparative Phonology of Gbe, Publications in African Languages and Linguistics, 14. Berlin/New York: Foris Publications & Garome, Bénin: Labo Gbe (Int). Pasch, Helma (1995) Kurzgrammatik des Ewe Köln: Köppe. Westermann, Diedrich Hermann (1930) A Study of the Ewe Language London: Oxford University Press.
Bakgrunnsstoff
Ethnologue-rapport for ewe Short Ewe resources list ved UCLA Ewe alphabet and pronunciation side på Omniglot Lydbandopptak av ewe..
Kategori:Gbespråk Kategori:Tonespråk Kategori:Språk i Ghana Kategori:Språk i Togo Kategori:Einskildspråk