Bernhard Berthelsen () var ein norsk tollar frå Arendal som representerte Venstre og kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder på Stortinget i to valperiodar frå 1945 til 1953.
Berthelsen var son til ein sjømann. Etter å ha gått middelskulen arbeidde han i tolletaten frå 1914, i Kristiansand og Arendal. I 1928 rykte han opp til tollkontrollør, frå 1946 arbeidde han som tollinspektør i Arendal. Perioden 1951-57 var han distriktssjef i Bergen tolldistrikt og 1957-64 var han driftssjef i Tolldirektoratet.
Berthelsen var medlem i bystyret i Arendal frå 1934 til 1946. Etter å ha flytta til Bergen var han valperioden 1956-59 bystyremedlem også der. Før den tid var han stortingsrepresentant for partiet Venstre og dei sju kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder i to samanhengande periodar; 1945-49 og 1950-53. Alle åtte tingsesjonane var han sekretær i Administrasjonskomiteen.
Kjelder Stortingsbiografi
Dødsfall
Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Telemark og Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Lokalpolitikarar i Arendal Kategori:Venstrepolitikarar i Aust-Agder Kategori:Lokalpolitikarar i Bergen Kategori:Venstrepolitikarar i Hordaland Kategori:Norske tollarar Kategori:Folk frå Lindesnes Kategori:Folk frå Audnedal