Arne Løchen () var ein norsk filosof og litteraturhistorikar frå Vang på Hedmark. Tvillingbroren Einar Løchen var høgsterettsjustitiarius.
Løchen byrja studere filosofi under Vilhelm Lyng på universitetet i Kristiania. I 1877 reiste han til Paris for å høyre førelesingar av Hippolyte Taine. Same året fekk han Kronprinsens gullmedalje for avhandlinga «Sprogets væsen og oprindelse». År 1886 tok han doktorgraden i filosofi med Om J. Stuart Mills logik. En kritisk studie (1885).
Løchen var professor i filosofi ved universitet frå 1900 til 1921. Åra 1912-21 var han også medstyrar ved Psykologisk institutt. Han meinte at «kvar einskild filos[ofi] speglar av personlegdomen til filosofen.» Av den grunn vert psykologi ei viktig vitskaps-grein til filosofien. Hans mest kjende psykologiske skrift er Fantasien frå 1917.
Løchen hadde stor interesse for litteraturhistorie og gav i 1898-1900 ut tobandsverket J.S. Welhaven. I 1913 kom essaysamlinga Digtning og videnskap.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
Kategori:Norske filosofiprofessorar Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar