Herbert James Elliott () er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Perth som vart olympisk meister på 1500 meter i 1960. Frå 1957 til 1961 vann samtlege tevlingar han deltok i på mellomdistansane.

Under samveldeleikane sommaren 1958 i Cardiff vann Elliott både 880 yards og 1 engelsk mile. Tidleg i august månad sette han ny verdsrekord på 1 engelsk mile med tida 3.54,5, heile 2,7 sekundar under den gamle rekorden. Tre veker seinare, den 28. august, tok han også over som verdsrekordhaldar på 1500 meter. Tida 3.36,0 var ei rekordforbetring på 2,1 sekundar i høve til den eitt år gamle verdsrekorden.

Elliot vann den olympiske gullmedaljen på 1500 m då sommarleikane 1960 fann stad i Roma. Den 6. september forbetra han i finalen sin eigen verdsrekord til 3.35,6 og slo andremann, Michel Jazy frå Frankrike, med heile 2,5 sekundar, medan István Rózsavölgyi frå Ungarn tok bronsen.

Elliott la opp friidrettsatsinga i 1962.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1960 i Roma: Gullmedalje på 1500 m - 3.35,6, framom Michel Jazy (3.38,4)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Herb Eliott» frå , den 25. oktober 2017.

World Athletics

Kategori:Australske mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Australia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960